Reiseblogg fra Travellerspoint

Det soede liv Downunder

Summer Bay, roadtrip, villaliv og Grand Prix!

semi-overcast 20 °C

Etter henholdsvis 5 og 10 dagar paa Bali, og totalt to maanadar reising i Asia, ankom me Sydney tidleg paa morgonkvisten - kun ifoert shorts og t-skjorte. Gradestokken viste 18 grader og det tunge skylaget over den haustklare byen stengte ute det som var av glimter av sol. Det einaste som varma saa tidleg paa denne torsdagsmorgon, var synet av Krispy Kreme-doughnut-butikken som smilte mot oss, strategisk plassert like ved minibanken. Fyllt av forventning og indre glede tok Even mot til seg for aa sjekka utvalet. "3$", stod det paa prislista. Draumen brast, taarene kom. Australia blir eit dyrt kapitell kunne me begge stadfesta.

Hutrande tok me toget fraa flyplassen inn til sentrum av Sydney og gjekk rundt med Lonely Planet boka i handa paa leiting etter husly. Etter aa ha vore innom tre hotell, fann me tilslutt eit meir rimelig backpackerkrypinn kor me booka oss inn og til slutt fekk oss nokre timar soevn. Vetle stod etterkvart opp fraa den alt anna enn djupe soevnen paa dormrommet som var okkupert av fire skraalande festfolk, og tok seg ein tur paa toalettet. 15 minuttar seinare kom han inn att paa dormrommet og spurte Even: "Gjett kven eg traff i gangen daa?" Og utan saa mykje meir enn eit halvsnork til svar, kom Trude springande inn paa rommet og hoppa opp i senga saa den feite svensken i nabosenga grynta lett i sjalusi. Han var nemleg "stor i ord, liten paa jord"-typen som ivrig fortalte oss om det naerliggande bordellet som det foerste han gjorde naar alle var nokonlunde vakne. Interessant. Iallefall var sjokket begynt aa legga seg i det me fekk troedd paa oss nokre kle og teke ein dusj etter gaarsdagens reise. Trude og Lina hadde budd paa dette hostellet i snart ei veke, og i tillegg var Sara og Helena Skare med dei. Oddsen for at alle desse fire var i Sydney paa denne tida, og at dei i tillegg var paa det samme hostellet, av sikkert fleire hundre, i samme etasje, er rett og slett litt uforstaaelig. Det passa oss uansett veldig bra, for me bestemte oss for aa reisa med dei i bilen til Trude og Lina, Gunnar, oppover kysten.

Me har no reist med dei i omlag 14 dagar og har faatt sett mykje av Australias austkyst og mang ei veistripe.
Allereie fyrste dagen reiste me til Palm Beach, betre kjent som Summer Bay, kor dei speler inn Home & Away-serien. Her aat me is og drakk vatn utenfor surfeklubben til Alf Stewart medan fantasien lop loepsk og me trudde det var Colleen som stod i kakebua og serverte. Me spaserte bortetter stranda og blei igrunn litt overraska over kor annleis det saag ut i verklegheita, foer me knipsa nokre poserande bilete i ekte H&A-aand og forlot idylliske Palm Beach i vaar lekre Mitsubishu, Gunnar. Me besoekte Sydney Aquarium og fekk teke oss dei noksaa obligatoriske fotoshootane framfor operahuset og Harbour Bridge foer me etterkvart forlot metropolen til fordel for Fraser Coast og Fraser Island. Jentene koyrte nordover til Brisbane og sa farvel med Helena som skulle reisa heim til Noreg, mens Vetle og Even tok tog og buss fra Sydney til Brisbane - ei strekkje som paa kartet ikkje ser saa avskrekkande lang ut, men som i realiteten faktisk tok oss 17 timar totalt. Neste dag proppa me Gunnar full med sekkar og mat og pressa oss inn i stasjonsvogna klar for eventyr.

Fraser Island - verdas stoerste sandoy - utforska me i ein Landrover 4x4 med to tyske jenter, ein amerikanar og ein toting fraa Hamar. 36 personar fordel i fire bilar koyrde rundt paa sandstranda i to dagar, kor me campa og festa under aapen himmel, goymte oss i bilen og telta (dei faa som var sett opp godt nok til aa kunna brukast som ly) naar himmelens sluser opna seg, kjempa med livet som innsats mot ein liten, men doedeleg brunslange under teltduken og fekk alt kjoettet vaart eten opp av det einaste villdyret paa Fraser Island - den veldig hundeliknande dingoen. Daa festen var i gang og folk var blitt bitt av det erkeaustralske uttrykket "No worries", var det ingen som tenkte at kjoelebagane med kjoett var eitt enkelt bytte for dei overraskande intelligente dingoane. Dagen derpaa var alt av kjoett i Bil 1 og Bil 2 borte, og sidan deiras tomme kjoelebag stod tilfeldig plassert like ved bilen vaar, blei me kjapt merka som "kjoettyvar" av nabobilen. Mykje god stemning denne dagen... Me saag plassar som Indian Head og Lake McKenzie paa turen vaar, og hadde to kjekke dagar i sandkassa.

Tilbake i Hervey Bay, hadde me planlagt aa reisa vidare nordover til Airlie Beach. Her skulle me paa segltur til Whitsundays, eit paradis av ei oysamling oppe ved Great Barrier Reef. Me saag fram til aa nytte oss av dykkerlappen me hadde skaffa oss paa Koh Tao, og snorkla og leva livet paa ein seglbaat saman med andre. Men syklonen som kom veltande innover kysten sette ganske enkelt ein strek over dei planane, saa me hadde ikkje anna val enn aa reisa soerover. Me leste oss fram til at det skulle vera ein stor surfekonkurranse i Noosa, ein liten by mellom Brisbane og Fraser Island, saa me sette kursen dit. Alt av hostel og backpackerhusvaere var sjoelvsagt fullt, saa Lina fekk ansvaret for aa snakka med informasjonssenteret om dei hadde noko til oss. Etter ein imponerande avtale, hadde Lina fiksa oss luksusopphold paa ein villa for berre 23$ natta. Dette er faktisk billigare enn ein sleten 8-mannsdorm med felles bad og kjoekken! Etter aa ha budd her i to netter fann me likegodt ut at me kunne bu her nokre dagar til, og koste oss med svoemmebasseng, jacuzzi, grilling og avslapping i ei lita veke. Me gjorde nokre forsoek paa aa attervinne litt brunfarge paa kroppen sidan sist, og tok turen paa stranda titt og ofte. Surfekonkurransen var sjoelvsagt over naar me somla oss til aa sjekke ut stranda og utelivet, men me fekk i det minste konstatert at Bistroen og Kvam slett ikkje er aaleina i sin klasse naar det kjem til seigt uteliv paa soendag- og onsdagskveld. Me besoekte Noosa National Park og fekk eit sterkt moete med to koalabjoednar; ein hang som ein kongle hoegt oppe i treet, medan den andre klorte seg fast til trestamma i ein meir publikumvennleg hoegde. Det vart ein del knipsing, og Vetle og Trude tok mot til seg aa vekke det livsfarlege dyret med det aarvaakne killerblikket. Ja, Trude klatra til og med stamma for aa faa eit meir personleg moete med den vesle karen. Artig! Daa har me sett dingo og koala, og lista over dyr aa sjaa i Australia blei i det minste hakket kortare.

Etter aa ha levd livet i sus og dus i Noosa og Queensland sette Sara, Vetle og Even kursen for Melbourne og Victoria. Sara skulle moete ei venninne her, medan Vetle og Even skulle besoeke Sonia McDonnell, ei venninne av Inger som me fekk lov aa bu hos. Me kom fram litt utpaa kvelden paa loerdagen og fekk middag og ein hyggeleg praterunde foer me gjekk til sengs - klare for ein actionfylt morgondag.

Sundag morgon kom tidleg paa oss alle, men me maatte komme oss inn til Melbourne foer 9.30 for aa hente billettane vaare til ein av dei stoerste begivenheitane eg har vore med paa; Australian Grand Prix! Paa flyet fraa Singapore hadde me sett at timinga ikkje kunne vore betre, og at dette var ein event me maatte faa med oss.
Me fann oss ein grei plass oppaa ein bakketopp kor me hadde utsikt til litt av ein sving og ein storskjerm rett forut. Her la me oss godt til rette medan Formel5000, FormelFord og mange andre typar race skaut seg forbi svingen vaar. Kl 15.30 bryja Formel 1 presentasjonstoget, anfoert av ingen ringare enn John Travolta. Til denne augenblink har me enno ikkje funne fram til eit nokolunde godkjent svar paa kvifor denne skodespelaren skulle lede an eit slikt foelge. Like bak fulgte comebackdebutanten Michael Schumacher, foer australske Mark Webber og dei andre storfiskane kom paa loepande band. Klokka viste 17, racet var i gang! Ein actionfylt 58-rundars seanse utspilte seg i Albert Park denne sundag ettermiddagen, og etterkvart som foerar etter foerar maatte gje seg var det stor stemning blant dei mange tilskodarane rundt oss. Spesielt daa leiande Vettel koyrte ut, tok det fyr i australske hjerter etterkvart som Webber koyrte seg opp. Det viste seg likevel aa vere ein relativ kortvarig skadefryd, daa Webber sjoelv moette ein teknisk svikt i dei avsluttande rundane foer maalgang. Det vart siger paa han Jenson Button og god feiring med sjampis paa podiet! Me krona ein lang men absolutt minnerik dag med aa gaa rundt i Albert Park paa leiting etter konserten med Simple Minds. Den fann me tilslutt naar me hadde bestemt oss for aa reise heim, men Simple Minds hoyrtes keisamt ut likevel.

Dagen etterpaa tok me farvel med Sara og kunne konstatere at no var det kun oss to igjen. Me ringte Wicked Van og fekk leigt ein campervan fraa og med i dag. No blir det 10 dagars campingliv med toerre skjever og nudlar, kor me skal proeve aa komme litt ut i den australske outbacken! Paa leiting etter kenguru, wallaby og wombats gaar turen nordover fraa Melbourne til Broken Hill (ein tilfeldig outbackby me fann paa kartet) og deretter tilbake til austkysten kor me skal klatra oppetter Byron Bay, Surfers Paradise osv til me leverer tilbake campervanen i Brisbane (forhaapentligvis) utan ei skramme 9.april. Til den tid, adjo og takk for talmodigheita med bloggen vaar. Det har skjedd veldig mykje i tida i Australia, men skal atter ein gong proeve aa vere flinkare aa levere varene her paa bloggen. Og husk; aa kommentere faar oss til aa levere ;) hohoho

Me vil begge med dette ynskje alle ei god paaskefeiring i fedrelandet :)

Skrevet av evenvetle 17:53 Arkivert i Australia Kommentarer (2)

Kinesisk nyttår og tempeljakt i Kambodsja

...ei dyr perle, dette Kambodsja!

sunny 30 °C

Hei igjen ja!

Beklagar slett oppfølging her på bloggen. Sjukdom og lite tid til overs må ta si del av skulda. Sidan sist gong har me gjort ufattelig mykje: teke dykkerlappen, besøkt Ingun, Marte, Kjetil og Carita på Bali og mykje anna. Tar derfor litt om gongen. Sit i skrivande stund på eit gigantisk hostel i Australia kor me tilfeldigvis møtte på Trude, Lina, Sara og Helena Skåre. Kva er oddsen - samme by og samme hostel i enorme Australia??? Sjukt!
Etter eit besøk på Sydney Aquarium i går og vitjing hos Alf Stewart og Coleen i surf club-kafeen i Summer Bay i dag, har me allereie fått sett ein del i Australia. Diverre ingen innspilling av Home & Away idag, men fekk tatt nokre seriøse og triste alvorlege bilete ved strandpromenaden. Etter å ha vore på båtcruise og prøvd ut Sydneys uteliv i går kveld, tar to trøytte typar ein roleg kveld i dag. Senga ventar om litt, og Bondi Beach og surfekonkurranse ventar spent i morgon.
Tar som sagt litt av gongen, og her kjem ei "kort" oppsummering av veka vår i Kambodsja. På attersyn!

-

Etter runddansen i Vietnam, var det som sagt paa tide aa stempla baade pass og visum og komma seg ut av det hektiske, men vakra landet. Me bussa over grensa med kurs for Pnohm Penh, hovudstaden og byen kor me planla aa tilbringe ei natt eller to. Men etter storbylivet i Saigon, og det enorme maset og trykket av paagaande selgarar og turoperatoerar som moette oss i bussdoera, vart me kjapt einige om at me reiste vidare til Sihanoukville same dagen. Etter at sjukdom hadde byrja bli ein del av kvardagen mot slutten av opphaldet i Vietnam, tenkte me aa utsette vaart planlagte besoek til "killing fields" nord for Pnohm Penh til etter dagar i sol og avslapping i Sihanoukville. Me kom fram seint paa kveld og heiv oss paa dei to foerste modeptaxiane som kunne friste oss med skyss for ein billig penge. Dei fekk 1 dollar kvar og koyrde oss sporenstreks til New Christmas Bungalow & Hotel. "Kva er dette for snaale greier", tenkte me foer me kom paa at her var det jo snart nyttaar aa feire, so daa passa det i grunn godt aa tilbringe nettene paa eit julehotell.
Dagane i Sihanoukville gjekk med til det dagar i Sihanoukville skal gaa med til; bading, soling, eting og nyting av nokre burkar oel i solnedgang. Utan heilt aa vite kva dag det var, baade kom og gjekk kinesisk nyttaar utan dei heilt store festivitetane. Vietnamesarar og andre ferierande valfarte nemleg til dette paradiset for aa feira det dei kalla Tet, men sett bortifraa det enorme forbruket av fesne liksomrakettar (lang pinne som feis ut smell med farge paa) glimta dei lokale festtigrane (ja, i aar er the Year of the Tiger) med sitt fraavaer. Prisane var ogsaa dyre i desse hogtidsdagar, og tilslutt maatte me ut med 25$ natta for eit enkelt dobbeltrom. Skremmande, for to budsjettsprengande ryggsekkturistar. Siste kvelden i Sihanoukville fekk me eit tilbod av ei lokal jente som dreiv ein av dei mange strandbarane paa Serendipity Beach. Ho kunne friste oss med baattur ut til Bamboo Island neste dag, ei idyllisk perle i havgapet me hadde lest om i Lonely Planet. Me takka ja til tilbodet og 14 timar seinare laag me langflate paa ei papirkvit potetmjoelstrand medan frukosten fraa den einaste lokale kafeen jobba seg gjennom systemet. Vart det for varmt, flytta me oss vidare opp i palmeskuggen kor einaste bekymringa var korvidt kokosnoetta over skallen var moden eller ei. Rundt oss laag backpackerar i hengekoyer utanfor dei enkle bungalowane dei hadde leigd for ein liten slump dollar, og ein stad langt der borte kunne ein hoeyra bruset fraa den sprekkfulle Serendipity Beach, ei braakeboette av ein samlingsstad me var saa inderleg glad me fekk ein pause fraa. Godt med ein pause fraa den turiststien av ei reiserute me har valt.

CIMG3314.jpgCIMG3280.jpg

Seinare same dagen gjekk turen vidare nordover i Kambodsja. Me booka buss direkte fraa Sihanoukville til Siem Reap, daa me brukte ein dag ekstra i ferieparadiset, og dykkerkurset paa Koh Tao skulle unnagjerast foer Even reiser til Bali nokre dagar tidlegare enn planlagt. Me droppa difor besoeket til "killing fields", sjoelv om det absolutt var noko me ville faa med oss. Etter aa ha kjoept boka "Killing Fields" i Vietnam og mislykkast i aa lese ho ferdig i loepet av tida i Kambodsja, har me likevel begge faatt eit innblikk i korleis Khmer Rouge og Pol Pot regjerte i det krigsherja landet dei tok kontroll over paa midten av -70talet. "Frukta skal lande der treet er," proklamerte dei, og henviste alle intellektuelle og utdanna landsmenn til landsbygda kor dei skulle jobba og broedfoe seg sjoel og landet. Byen skulle ikkje melka den hardtarbeidande landsbygda lenger. Pengar opphoyrde, den frie vilje nedtrykt og born vart hjernevaska og barnesoldatar fraa tidleg alder. Eit arr i den khmerske historie. Enno eit ope saar for mange.

Uansett ankom me Siem Reap, det storslaatte Khmer-riket sin stolte hovudstad for mange hundre aar sidan. Mellom 800-1400 talet var Angkor hovudstad og religioest sentrum, og paa denne tida vart det reist opp mot hundre store og naerare tusen mindre tempel og religioese bygg i omraadet! Me blei frivillig lurt med paa ein skoyal runde med seightseeing i vaar mann Sarun sin lekre tuktuk. Han tok oss med til to av dei meir avsidenliggande tempelruinane, og nokre faa andre tempel i tillegg. Det foerste tempelet var ikkje eingong eit tempel, men eit religiost fossefall inne i jungelen, kor det var hogd ut bilete og forteljingar i fjellveggane. Ein dryg halvannen km lang vandring i jungelen, kor sveitten festa grepet mellom lianer og turistar. Moro var det lell! Etter aa ha koyrd rundt med Sarun og faatt paaspandert ein sukkerdrikk han kalla "cane-water" og koyrd paa alle insektsvermane sjaafoeren med vernebriller kunne finna paa motorvegen, kom me etterkvart tilbake til hotellet. Her proevde me aa forklare at me ynskte aa utforska Angkor paa eigenhaand med sykkel neste dag, og at me takka for guidinga for denne gong. Det kunne han gaa med paa, men daa maatte me skrive autografen vaar (og ein liten positiv kommentar) i den vesle boka hans. Deretter undra han paa om me var interessert i jenter? Det responderte me negativt paa, og me haapte at me no kunne klappe han paa skulderen og innfinne oss ved eit bord paa den fristande naborestauranten med det klingande namnet "Hawaii Pizza". Men denne herren ville ikkje gje seg og insisterte paa at me maatte vere med han paa ein lokal restaurant. "Cheap cheap" var det visstnok. Litt fortumla, veldig skeptisk, sette me oss inn i tuktuken hans for forhaapentlegvis siste gong, og koyrde til ein veldig lokal restaurant. Her blei me forsoekt skjenkt fulle med oel med isbitar(!), blei diskret presentert for to jenter som tilsynelatande jobba (paa ein eller annan maate) paa restauranten, og mata mykje lokal mat me ikkje hadde faatt sjangsen til hos pizzanaboen, deriblant boeffelkjoet MED skinn og nokre mindre deilige beinfylte kyllingbitar. Det kunne blitt for mykje for mange, men etter aa reist nokre veker i Asia var det som det var - det var Asia. Me vart deretter koyrd heim av ein godt berusa Sarun og betalte han 30$ for tort og svie etter ein dag med tuktukkoyring i Kambodsja.

CIMG3358.jpg

Neste morgon stod me opp klokka 4! Me skulle rekka soloppgongen over Angkor Vat, det mest kjende tempelet i Angkor. Det er ogsaa dette tempelet som er avbilda paa det kambodsjanske flagget. Kvelden foer hadde me faatt beskjed om at me kunne leiga syklar naar me stod opp, det ville vaere folk der. Forskrekka over at det faktisk var folk oppe paa den ukristelege tida, gjekk med til sengs med haap om at alt var i orden. Det var det ikkje. Etter aa ha somla rundt ei stund paa leiting etter folk og fe, fann me etterkvart ein sikkerheitsvakt. Han kunne fortelje at det faktisk laag ein lokal resepsjonist inne i resepsjonen, og han var det berre aa vekka. Etter aa ha reve resepsjonisten ut av sin djupe dvale, heiv me oss endeleg paa syklane. Me hadde gloymt aa ta ut pengar kvelden foer, saa aller foerst var det leiting etter minibank som stod paa dagsorden. Den hoegst lokale ATMen i nabobygget hadde sjoelvsagt stengt, saa me gav oss ut paa vegen mot Angkor i haap om at det var ei pengemaskin paa vegen. Etter aa ha sykla vel og lenge, byrja me etterkvart aa skjoene at me var paa gale vegen. Mangelen paa veglys og asfaltert underlag gjorde at me etterkvart byrja forstå at me var på god veg inn i den bekmørke kambodsjanske audemarka. Me vridde på styret, satte i gong produksjonen av mjølkesyra og sveitta oss gjennom ein smådisig morgontrafikk. Me fann ATM og rakk soloppgongen over Angkor Wat med nød og neppe. Området var overbefolka og turistane flokka seg rundt det mektige tempelet medan sola kjempa seg opp på himmelhvelvinga. Dagen gjekk unna, der me sykla rundt i Ankor Tom og omegn, sugne på eit tempel eller to (eller ti) å vitja.
Me fann eit lite tempel langt inne i ein forlatt skogCIMG3480.jpg
15 timar seinare, etter å ha klatra fjellveggbratte tempeltrepper, kost oss i jungeltempelet kor faktisk deler av "Tomb Raider" og "Indiana Jones" vart spelt inn og småflørta med selgarar av alle slag i alderen 3-6 sette me endeleg kursen mot hotellet. Fascinerande å føra ein samtale med ein 4 årig armbandselgar som kunne målbinda deg samme kva argument du hadde for å ikkje kjøpa 15 armbånd for 1US$. Det vart likevel berre med småpraten, armbånd hadde me nok av. Vetle sang "Bæ, bæ, lille lam" til dei forskrekka storauga småselgarane, før me fekk klem og vinka adjø. Etter ein lang dag i tempelrøveranes fotspor var det to pizzasvoltne nordmenn som kom tilbake til hotellet. Snytte for pizzamåltidet kvelden før, kunne me begge kjenna pizzasvolten pressa på. Etter ein dusj og det som skulle vera ein "kort kvil" på hotellrommet, sovna me likegodt inn. Kl 6 dagen etterpå peip alarmen. Det var tid for å atter ein gong kryssa grensene. Me skulle til Thailand og Koh Tao. Dykkerkurs stod på menyen (me kryssa fingrane for pizza også.)
P2220003.jpg

CIMG3731.jpg

Skrevet av evenvetle 03:06 Arkivert i Kambodsja Kommentarer (1)

Ei historisk vandring i Saigon

...og eit knippe bilete fraa Asia

sunny 33 °C

CIMG2959.jpg

CIMG2867.jpg

CIMG2853.jpg

CIMG2761.jpg

CIMG2482.jpg

Har lagt innpaa endaa nokre bilete, men ting gaar visst seint i kommunistiske trakter ogsaa. Skal legga innpaa fleire bilete ettekvart, men de faar kosa deko med desse inntil vidarel;)

I loepet av vaare tre dagar i Saigon (Ho Chi Minh City) har me blafra ein del i historieboekene. Me heldt oss til nyare historie - skremmande nok. War Remnant Museum i Saigon er noko av det sterkaste me begge har vore borti nokon gong. Uten aa ha saa altfor mykje bakgrunnskunnskap om the American War, som dei kallar det her, veksla kjensleregisteret braatt etterkvart som me bevegde oss gjennom bygningen. Bilete av maltrakterte kroppar, vanskapte born og drap paa spedbarn gjorde det heile til eit ubehagelig kvalmt moete med verkelegheita. Ubegripelig aa tenka paa at det heile skjedde for berre 40 aar sidan, og at det den dag doer folk grunna krigen. Det skal uansett seiast at det var eit utruleg bra museum og ein opplevelse me ikkje ville vore forutan. Det var god oppvarming til turen me bestilte til neste dag: besoek i Cu Chi tunnellane nord for Saigon.
Etter aa ha sett ein dokumentarfilm om Cu Chi omraade og Vietcong-geriljaen som leika med amerikanarane (ein vert litt vietnamsympatisoer av haa ein guide som sprett rundt nedi skyttergrottene og simulerer drap paa dei (veldig, veldig faa) amerikanske turistane i gruppa), forflytta me oss vidare mellom dei utallige B52-bombekratera i omraadet. Daa moglegheita for aa skyta med AK-47 baud seg, var me baae svaert interesserte. Etter aa ha hatt litt minibankturbulens var det igrunn to fattige nordmenn som inspiserte det vietnamesiske tunnellsystemet, saa det fekk halde med 5 skot kvar. Me stilte oss opp, skaut i hel nokre liter sand (jaudaa, der var ein blink ogsaa) og gjekk derifraa utan hoyrsel og med redusert evne til aa kommunisere. Etter aa ha faatt paa nokre hoyrselvern som hadde same effekt som eit panneband, peip det godt i nokre timar. Men me kunne begge, nikkande, konstatere at det var verd det. No kom endeleg hoegdepunktet paa turen - me skulle kravle ned i tunnellane. Fyrst fekk me moglegheita til aa entre dei "store" tunnelane, dei som er greve ut for turistar. Det var hundre meter krabbing, huking, sittegaaing og lett banning under jorda, foer me endeleg kunne sjaa konturane av lys i det opninga naerma seg. Rennande sveitte (bokstaveleg tala, mykje god varme aa finne der nede) spratt me opp av holet i bakken og kunne kjapt konstantere at me skulle ta turen ned i nok ein tunnell. Den morosame, hoegt patriotiske guiden utfordra saueflokken til aa aale seg gjennom endaa 50 meter med tunnell - denne gongen i dei originale mikrotunnelane som dei smaa vietnamesarane budde i. Even fekk oppgaave i aa gaa i front etter aa faatt ei lommelykt av guiden. Den svikta katastrofalt naar moerke omfavna dei to nede i tunnelsystemet, saa loysinga var at verdas stoerste australar sneik seg forbi i den 40-50cm breie tunnelen, og tok foeringa med hodelykta si. Her maatte ein faktisk gaa store delar av vegen paa knea medan tunnelen pressa paa fraa alle kantar. Men me kom oss til slutt gjennom denne endetarmen av ein tunnell, og i det me pressa oss ut aapninga fekk me eit hyggelege "Welcome to Vietnam," fraa den vesle, rappkjefta guiden vaar. Sveitt som berre ein svetting kan bli, fekk me vaska oss litt i andlete foer me fekk ein matbete og ein shot slangevin (sprit i slange/rotte/skorpion-lake) og sette oss i bussen. Uten saa mykje som ein mygg i lommeboka var me paa vei attende til storbyen, med mange fantastiske minne rikare. Reisar du nokongong til Vietnam og Saigon-omraadet, ta for herrens skuld turen. Ei utruleg viktig brikke i historien, og ein ytterst kjekk opplevelse i det du sprett ut or holet i tunnelane.

I morgon reiser me endelig (i morgon gaar ogsaa visumet vaart i Vietnam ut, veldig spent paa den grenseovergangen!) vidare og kryssar inn i Kambodsja og til Phnom Phen. Derifraa gaar turen til Sihanoukville, strand, sol og bading atter ein gong! Me snakkast forhaapentlegvis paa vegen gjennom Kambodsja, saa faar de ha paa gjensyn til dess. No skal me smelta vidare her i Saigon, og om me er heldige prutar me med oss ei Hard Rock Cafe-skjorte ogsaa. Paa attersyn!

Skrevet av evenvetle 19:55 Arkivert i Vietnam Tagged backpacking Kommentarer (3)

Gutane hoppar i det i Zimbabwe!

Gorge Swing - 120m over den mektige Zambesi-elva, 75m frittfall!

semi-overcast 26 °C

Vetle kastar seg utfor rampen i Zimbabwe! Paa hendene, sjoelvsagt! Enjoy:)

Even hoppar ogsaa ut i lufta! Dobbel saltomontale med skru og nesten taukastrering paa kjoepet! Fantastisk:D

Skrevet av evenvetle 20:13 Arkivert i Zimbabwe Tagged backpacking Kommentarer (4)

Hei & haa i Ha Noi & Hoi An

...i hui og hast!

sunny 31 °C

Etter ei redselsfult lang reise fraa Vang Vieng var det godt aa endelig vere framme i den vietnamesiske hovudstaden, rundt klokka 7 om morgonen. Me tok inn paa eit hostel og fekk oss nokre timar soevn i dormsenga foer det var paa tide aa utforske byen. Etter eit mildt sagt skuffande fingermaaltid av ein frokost, tok me oss nokre rundar i nabolaget for aa kjenne litt paa kjemien med vietnamesarane. Den var det igrunn ikkje mykje aa seie paa, for rundt kvart hjoerna venta anten ei innpakka lokal tulle med munnbind som skulle selge deg frukt, eit vandrande (les: scooterkoyrande) bibliotek som ville selge deg heile utvalget av Lonely Planet boeker eller ein levande vegg av solbriller som sprang mot deg med alt den hadde av Ray Ban, Gucci og Okey(!)-briller. Fraa alle kantar kom mopedtaxiane veltande inn paa fortauet for aa sikre seg nettopp DEG som kunde, og i annankvar butikk bortetter gata var reiseselskap paa reiseselskap som skulle friste deg med billige utflukter til baade nord og soer. Det heile byrja verke stressande paa oss to reisande som akkurat hadde brukt heile 4 dagar gjennom Laos paa ein strekning som tilsvarte 12-14 timar bussing, og det heile toppa seg daa Even blei angripen av eine fruktdama der ho kasta fruktkorgene (ein slik innretning der du kviler ein lang pinne over skuldrene, og har frukt i to korger paa sidene) paa ein forskremd ungfole fraa Noreg. Epler og paerer falt ned i alle kantar, medan den ivrige selgaren hylte og skreik om "Photo photo"! Det er tydeleg at kapitalismen er paa full fart inn i dette nyturistifiserte landet, og sjarmen og roen me var blitt saa vane med i Laos, var som sunken i havet. Ganske sikker paa at denne byen har veldig mykje aa by paa, men sidan me var lite strategisk plassert midt i turisthavet var det vel kanskje for mykje forlangt aa oppleve autentisk vietnamesisk byliv denne gongen. Planen var aa reise aa sjaa den mumifiserte kroppen til Ho Chi Minh (opproersledaren som er for eit nasjonalsymbol aa rekne i Vietnam) i Ho Chi Minh Masoleum, men tida gjekk fort mellom gatene i Old City'en kor me to opphaldt oss i tida i Ha Noi, og me bestemte oss for aa kome oss vekk fraa dette konstante broelet av ein by. I etterkant hadde det kanskje gjort seg aa faatt eit glimt av denne Ho Chi, men naar sant skal seiast var det faktisk hans ynskje aa bli kremetert etter sin doed, saa kanskje han gjer oss ei stjerne i boka vidare paa vaar vei gjennom Vietnam;)
Dagen vidare brukte me til aa bestille bussbillett fraa Ha Noi - Ho Chi Minh City (Saigon) og ein 2-dagars baattur i Halong Bay. Bussbilletten var ein saakalla open tour, det vil seie at du kan hoppa av og paa nedover kysten og vere saa lenge du vil paa kvar stad. Me betalte 45$ og bestemte oss for tre stopp: Hoi An, Nha Trang og til slutt Ho Chi Minh City. Med dei mindre komfortable dagane i buss i Laos, og ikkje minst den skrekkelige bussturen fraa Dien Bien Phu til Ha Noi friskt i minne, stod valget lenge paa tog og sengekomfort nedover den milelange vietnamesiske kystlinja. Slaget maatte avgjerast med stein, saks, papir og dei to kjempene stilte seg opp i ringen. Vetle i det eine hjoerna, som sette fokus paa oekonomi framfor komfort, og Even i det andre, som foelte han hadde hatt saa mykje intimkontakt med ulike busseter dei siste dagane at han ville kjenne seg utro om han proevekoyrde fleire. Dei to tungvektarane heiv seg paa kvarandre, og sidan det stod likt etter endt runddans maatte det heile avgjerast paa poeng. Dommarane var sikre i sin sak; Vetle og bussjaafoeren gjekk av med sigeren medan toget maatte forlate perrongen i taarer.

Neste morgon vart me plukka opp kl 8 og koyrde dei tre timane fraa Ha Noi til Halong City. Dette er portalen til Halong Bay, ei UNESCO-lista verdsarv bestaande av fleire hundre smaa oyer som stikk opp av det emeraldgroene havet. Her hadde me booka ein 2dagar/1 natt-pakke, med overnatting ombord paa ei av dei mange turistskipa. Daa me kom fram fekk me beskjed om at me var blitt oppgradert til deluxe-pakken, som kosta 10-15$ meir enn den standardpakken me hadde kasta oss i veg paa. Me takka og bukka, og foer me visste ordet av det laag me flat ut paa to stk overklassesenger i ein lekker liten lugar, med lunsj og kelner ventande i restauranten i etasjen over. Her produserte dei lunsjrettar paa loepande band, og alt i fraa fjaerkre til blekksprut blei fortaert blant dei 6 kvite turistane paa bordet. Jo, det var 7 vietnamesiske turistar ogsaa, men etter aa ha sett an sine skipsfrender romsterte dei likegodt rundt paa borda slik at dei kvite sat for seg og dei lokale for seg. Tankane flaksa tilbake til moetet med apartheid- og -museumet etter tida i Soer-Afrika, men etter at dei 7 lokale ved nabobordet starta karaoke / allsang under lunsjens sluttparti, var det kanskje for alles beste at bordfordelinga blei som den blei. Eit fransk ektepar og mor og datter fraa Australia var dei to andre para (ja, det er kanskje paa sin plass aa innroemme at me kjende oss oerlitt homofile der me sat paa eit luksuscruise flytande mellom skip hovudsakeleg fyllt med par og pensjonistar) som entra Halong Bay Black Pearl Junk rundt klokka 12 31.januar 2010. Halong Bay er kjend for fantastiske fjell- og steinformasjonar og eit hoegt antall grotter. Me besoekte ei av dei stoerste grottene i omraadet, og sjoelv om grotta var enorm og temperaturen alt anna enn ubehagelig varm, var me aldri redde. For det skulle ikkje staa paa at du kjende deg aaleine inne i den opplyste grotta. Turistmassane gjekk som sild i toenne gjennom dei smale gangane, og om nokon skulle ta bilete paa vegen maatte dei anten skunda seg og ta bilete i fart, eller saa maatte det umulige skje i rekkene bak: framvising av koekultur. Turistormen slyngte seg mellom dei mange fantastiske stalagtitsoylene og blitsing og zooming paagjekk for alt det var verdt. Her skulle fotografjeger Chris ha vore, tenkte me medan me sakte men sikkert kunne skimta lys og kom oss ut paa perrongen. Ei fantastisk skue utover deler av Halong Bay og dei tilhoyrande utallege cruisebaatane. Etterpaa var det padling i kayak innom grotter og rundt oyer. I ein allereie vaat kajak blei det ei rimelig fuktig affaere for baade Vetle og Even, men heldigvis stod bading likevel paa menyen tilbake paa Black Pearl. Her blei det hopping fraa toppdekket og vaart foerste bad i Vietnam var eit faktum. Kvelden gjekk med til middag og hyggeleg lag saman med vaare nye australske venner, og etter at me hadde fortalt dei om reisa vaar til Australia, var me saa godt som invitert til middag hos Wendy og Jenna 200 km nord for Brisbane. Veldig kjekke folk, og flott aa ha nokon som kan laere oss surfing paa ekte Aussie-style!

Neste dag var det toeffing tilbake til Halong City og knipsing og posering framfor dei taakelagte oyene som skjulte seg i horisonten. Eit vakkert skue ein tidleg vintermorgon. Me tok farvel med vaare venner etter lunsj i havnebyen, og reiste tilbake til Ha Noi klare for 16-timars busstur til Hoi An. Her rakk me middag foer me til slutt, ein time etter skjema, blei henta paa hotellet. Det var synet av ein stappfull sovebuss som venta oss, og me maatte ta til takke med dei to bakerste "sengene". Vetle var til og med saa heldig at han hadde full oversikt over kven som kom og gjekk til toalettet, ei oppleving han heilt sikkert skulle sett seg forutan. Konstruert for asiatarar paa 1,5m trengs det neppe seiast at det blei lite soevn og mykje fosterstilling paa denne turen, der me laag aa kjempa for aa pressa beina inn i det vesle rommet framfor deg. Umulig aa beskrive i ord, saa eit bilete skal snarast lastast opp!

Me ankom Hoi An tidleg paa foeremiddagen og sjekka inn paa det foerste og beste hotellet me fann. Kongeseng og satelitt-tv OG minibar hadde me aldri proevd foer, saa daa faar det heller vere at det kosta oss 6$ natta pr person. Hoi An er kjent som skreddarby nummer EIN i Vietnam og huser over 400 skreddarbutikkar fordelt rundt i den vesle byen. Me haldt til i den UNESCO-lista gamlebyen med gangavstand til det meste, og etter ein dusj og ein dupp paa rommet var me klare til aa gaa bananas i skreddarshoppen paa leit etter det perfekte, penere antrekk. I resepsjonen spurte me om det var nokre skreddarar dei kunne anbefale. Dama bak disken drog opp ein feit perm det like gjerne kunne staatt "Black Book" paa, for her var det side opp og side ned med skreddarbutikker ein ikkje maatte setta sin fot i, og til og med skreddarar som klikka vinkel og "oppfoerte seg psykopatisk". Skremmande, men morosam lesing og etter aa ha lest oss fram til ein skreddershopp som bortimot alle dei (tilsynelatande) tidlegare gjestane hadde anbefalt, tok me den korte turen ned til "Peace" og 3-4 hyggelege damer. Dei gav oss kvar vaare kataloger, og etter mykje blafring og undring peikte me paa det me ville ha i bladet, valte stoff (i ypperste kashmir og ull soklart) og var klare for aa bli maalt i hel. Me betalte 5 000 000 dong i depositum, og dagen etterpaa gjekk begge fornogde ut av butikken med nye klaer paa armen. Vetle hadde bestilt ein stk dress, ei skjorte, vest og to slips, medan Even hadde bestilt ein stk dress, vinterfrakk, to skjorter, vest og slips. Glitrande handel, kunne begge konstantere, foer me fekk sendt herlegskapen avgaarde til Noreg. Om alt gaar etter planen skal den mosast ned i postkassa paa Nedre Norheim seinast to veker foer me kjem heim:)

I Hoi An var det tid for soling og bading - strandferie (sett bortfraa den eine dagen paa stranda i Cape Town tidleg i desember) for foerste gong paa turen vaar. Endelig litt farge paa kroppen, tenkte Vetle og Even der dei syklande paa innleigde majestetar tok turen ut mot havet! Ei uendelig lang sandstrand nesten utan eit menneske aa sjaa var eit fryd for augo. Me heiv oss i det herleg kalde vatnet, og nytte dagene paa stranda med ananas og mango og kokosmelk. Med feilaktig innkjoept solkrem faktor 90 (for den sarte, eg-vil-bli-kvit-asiatiske hud) blei det lite innsmoering av den feite kremen, og resultatet kom etterkvart til syne foran spegelen. "Jaja", tenkte me og stoetta oss til det urnorske feriebegrepet, "feil farge er betre enn ingen farge". Kveldane i Hoi An nytta me til aa vandra langs dei utallige barane og restaurantane ved elva som flaut gjennom gamlebyen. Me knipsa ein del bilete, blei tilbudt allsalgs merkelege suvenirar av smaajenter i 5-6 aars alderen og tok oss nokre oel her og der etterkvart som skilt med "happy hour" dukka opp. Ogsaa i Hoi An blei me overfalt av frustrerte fruktselgande fruer, men denne gongen var Vetle den heldige, ja faktisk saa heldig at Even fekk knipsa eit bilete av han og den smilande fruktbaben. Skuffelsen var stor daa ho ikkje fekk betalt for aa ha slengt pinnekorgene i trynet paa Vetle og trykt seg inn paa bilete av han i solnedgang over elva. "Money! Banana? Money! Banana? Money!?"

Hoi An var faktisk ein sopass flott og avslappande by at me tok ein dag ekstra i dette ferieparadiset, og reiste ikkje vidare til Nha Trang foer i gaar kveld. I skrivande stund sit me i Nha Trang, 12 timars kjoertur med buss fraa Hoi An. Dette er turistfelle med stor T og strandliv og party er vel det som staar paa menyen. Her er selgarane av alle slag hakket meir paagaande enn kva som var tilfelle i Hoi An. Eit flott eksempel er scootervennen vaar fraa i dag tidleg daa me gjekk paa leiting etter billig hotel i nabolaget. Intet mindre enn 5 eller 6 gongar stoppa han oss for aa fortelle om flott og billig hotell. Gjekk me forbi det han anbefalte, var han paa pletten igjen for aa redde oss ut av knipa med aa finne nok eit billig krypinn. To til no hoeflige nordmenn maa snart sjaa etter andre maatar aa seie nei paa i Vietnam.

Det var alt for denne gong! Me proever aa holde ein nokonlunde kontinuerlig oppdatering paa bloggen, men det er saa mykje anna som skal gjerast, saa det blir ikkje alltid prioritert. Bilete skal me ogsaa proeve aa faa lagt ut, men etter at minnepennen Even kjopte i Bangkok viste seg aa vere full av virus, er det med ei kritisk mine eg koblar kamera til hverken det eine eller andre. Minnepenn viste seg foroevirg aa vere ein vanskelig sak aa oppspore i Vietnam. Me har no 6 dagar paa aa kome oss ut av Vietnam foer vaart 15-dagars visum opphoyrer, men me satsar paa aa krysse grensa over til Kambodsja i god tid foer 12.februar. Det er i dag 27 dagar foer me skal vere i Singapore og ta flyet til Bali, der me treff paa vaare studerande venner og Even faar eit lengtande moete med Ingun! Tida flyr og pengane minskar, men me er begge einige om at backpackerlivet ikkje er saa vaerst! No er det happy hour og fest! Hasta la vista :)

Skrevet av evenvetle 05:30 Arkivert i Vietnam Tagged backpacking Kommentarer (3)

(Innlegg 6 - 10 av 20) « Side 1 [2] 3 4 »