Reiseblogg fra Travellerspoint

Jaws!

Shark cage diving!

sunny 25 °C

Tida gaar fort here nede i Soer-Afrika, og me er allereie komne til soendagen! Mykje har skjedd sidan me sist oppdaterte bloggen, men lite slaar shark cage diving i Gaansbaai paa onsdagen. Klokka 5 om morgonen spratt to spente gutar ut or senga, ja saa kjapt at dei andre svette og hygieniske herremennene paa 8-manns dormen ogsaa spratt ut av soevnen i form av tvilsom kroppsbehandling. Me heiv oss paa minibussen og kjoerte i 2 timar fraa Cape Town til Gaansbaai. Etter ein lettare frukost og litt info, var det paa tide aa stige ombord i skuta. Surferdudes og ein barnefamilie fraa Italia var blant dei mange fjesa ombord (pluss ein baelfeit amerikanar soklart). Snacks og drikke var gratis, og dette var fint aa ta med seg inn i dei to neste daudkjedelige timane. For det tok faktisk to timar, aatte rundar solkreminnsmoering og fire posar peanotter, foer den fyrste haien dukka opp. Den var riktignok ein aldri saa liten svaering, 4 m lang! Og daa kan de tru det vart stor staaHAI (he he he he he) ombord i fiskejolla. Alle mann paa dekk, ropte dei paa speakeren og dropsposar og colaflasker flaksa til alle kantar. Den lettare overvektige amerikanaren streva oerlitt, med aa paatvinge seg den ubertrange tightsen, men for haian sin del var han heldigvis ikkje ferdig foer me var komt i land. (naar sant skal seiast, tok han seg riktignok ein dukkert med ein sokk pa hovudet.) Etter at haien hadde streifa buret nokre gongar, kom baade Vetle og Even seg nedi det mindre tempererte vatnet, og blei begge vitne til grasioese drapsmaskiner smygande gjennom det vaate element. Den foerste var som sagt 4 meter, mens hai nr to haldt seg til den meir beskjedne 3,01-kategorien. PC090014.jpg
Vetle hadde sneke med seg eit undervannskamera ned i djupet, og fekk knipsa nokre Kodak-moments. Ei fantastisk kjensle aa sjaa ei sopass svaer drapsmasking passere nasetippen - 4 cm unna. Stemninga i buret sank drastisk daa det gedigne dyret tok seg inn i buret, men dei to staute vestlendingane lot seg ikkje pille paa nesa av den grunn. Her skulle dei vise at dei hadde sett ein fisk foer, og kjempa med baade nebb og kloer mot den noksaa viltre inntrengaren.

Timane gjekk fort mot slutten, og etter aa sett ein daarlig redigert film av sjoeventyret, pakka nordmennene sakene sine og tok turen heim att til trygge Cape Town.

Dagane har elles gaatt med til mykje vandring i dei soerafrikanske gater, og ein sunn porsjon fjellklatring. For etter aa ha bestege Lions Head den foersta dagen, var det ikkje tvil om at Table Mountain ogsaa maatte setjast paa plass. Kl 9 fredag morgon pakka dei to klatreklare sekken - ein pakke tyggis, litt solkrem og ein halv kopp vatn. Det tok ikkje lange tida foer dei to tok innover seg at dette kanskje ikkje var heilt gjennomtenkt, men den ryggsekkansvarlege meldte seg aldri og krangelen var eit faktum. Som ei hylande fjellgeit skaut Vetle fart opp lia, mens ein taarevaat Even sleit tungt i dei tunge bakkane. Men 1060 hoegdemeter seinare stod begge to stolte paa toppen av Cape Towns tak og skua ut over den mektige byen. CIMG0583.jpg

I skrivande stund sitt me paa ein nettkafe i Cape Town. Flytta hotel i gaar, og heldt ogsaa i natt til paa Drifters Inn Cape Town. Med andre ord; det er tid for safari!!
Foer den tid rakk me aa ta del i det meir sofistikerte bilete av Soer afrika ogsaa, nemleg vinsmaking. Med kritiske blikk, aapne sansar og ei skarp tunge fekk dei proevd heile 5 vinar av flottaste sort. Som vinelskarar flest, var me snoegge med aa gjenkjenne dei unike smakstonane. Asparges! utbraut Vetle daa han fekk smaken paa portvinen fraa Stellenbosh omraadet. Dei tilhoyrande nikka samtykkande "ja, rundt ei indre kjerne av groen pepar". Den dannede forsamling smaapratet rundt det ovale bord og stemningen var god. God vin!

Daa er det eit doegn til avreise safari. Det vert 24 hektiske dagar og sikkert ikkje mange internettmoglegheitar. Kanskje tikkar det inn eit innlegg fraa den steikande og stoevete namibiske oerkenen, men ein skal jammen ikkje sei sikkert.

Thank you, come again:)

Skrevet av evenvetle 03:58 Arkivert i Sør-Afrika Tagged backpacking Kommentarer (6)

Afrika kallar

Fra ei verd til ei anna

semi-overcast 24 °C

So er endeleg reisa i gang og oslo er fyste stad. Byrja uskyldig med fajitas i Baerum for so aa moeta Markus og Jostein i downtown Oslo. Me er ikkje komne av t-bana foer Tigerstaden synar sitt sanne andlete. Med kraftig royst ropar vaare "sokalla" nye landsmenn - HASJ?? Ska dere ha Speed?? medan 3-4 stykker jogga etter oss. Sjokket som fylgde vart skuldig i uro og latter. Kva har skjedd med uskuldige Noreg? Etter dette vart kvelden avslutta med eit par pils paa Moellers Cafe. Ei hyggjeleg lita bu for dei yngste. Siste kveld foer avreise fra fedrelandet.CIMG0449.jpg

Etter vel 16 meir eller mindre gode timar var me endeleg ved destinasjoen 1 - Cape Town! Medan ein av oss fekk fred til soevn, vart den andre sittande og stadig dytte paa ein franskluktande franskmann. Slik fekk denne med seg alle filmane dei visa paa flighten :) Likevel var det to spende gutar som landa i det nye landet til 18 grader og skya himmel. Etter ein kjapp tur paa hostellet bar det ut paa eventyr. Dei to reiselystne fann det naturleg aa havne i naeraste skog, etter ein kjapp tur i nabolaget. Heretter bar det rake vegen opp til fjells. Ymse hinder maatte kjempast ned, baade stikkebuskar og enorme trestammer fekk kjenne den norske viljestyrke. Utan orientering av verken veg eller stig kom dei seg i beste Molandstil gjennom skogen og opp i hoegare luftlag. CIMG0470.jpg
Ingen hadde aning om at desse gutane tenkte aa nedkjempa Cape Town sitt nest hoegaste fjell alt fyrste dagen. Lion's Head heiter offeret. Paa vegen opp i lystig lag fann me nye kjendte baade av innfoedd og norsk karakter. Farik var nemleg ute med kona denne dagen. Guten paa 22 var svaert i moetekomande og me kom i prat straks me drog auge paa einannan. Den fine utsikten fra toppen vart det aldri noko av da ei tjukk taake la seg tett over loevehodet. Neimen om dette sette ein stoppar for dei fire. Til toppen kom dei!

Da 4 timar var passert naadde me ned igjen til sivilisasjonen, og vaar nye ven uttrykka eit sterkt ynskje om aa kjoyre oss ned i hus. Klokka var 18 etter deilig fortjent dusj var unnagjort. Og eit herrleg fiskemaaltid var paa sin plass. Utsoekt! :)

No har myrket lagt seg over Cape Town, og to troytte kroppar byrjar so smaatt aa lukte paa senga..

Skrevet av evenvetle 20:46 Arkivert i Sør-Afrika Tagged backpacking Kommentarer (4)

Korta fell på plass

Går kabalen opp?

rain 6 °C

Med svineinfluensahysteriet hengande som ei tjukk tåke over to reiseklare gutar, var det ein letta Even som endeleg fekk sett det mykje omtala stikket torsdag morgon. Med dette ser det medisinske ut til å vera i boks, då både tyfio- og koleravaksinar er inne i den avsluttande fasen. Malariamedisinen som Vetle bestilte er trygt i hende, og reiseapoteket er nærast komplett. Med det gjenstår den endelege pakkelista og dei aller siste førebuingane.

Sjølv om 5. desember er faretruande nær, kan vel intet mindre seiast om 3. desember. The day of the final test: Dagen då Vetle ein gong for alle seier seg ferdig med 3 år vidaregåande skule! Me krysser fingrar og bein for at revansjen vil bli blodig og spektakulær:)

Skrevet av evenvetle 15:51 Arkivert i Norge Tagged preparation Kommentarer (1)

Reiseruta

Oversiktskart finn du her ;)

Skrevet av evenvetle 07:14 Tagged backpacking Kommentarer (0)

Tida før tida

Forventningar og førebuing

Heij Bloggen! <3

Det er i skrivande stund 16 dagar og 10 min til flyet, etter planen, lettar frå OSL - Oslo Lufthavn Gardermoen. Underteikna sit med blanda kjensler når han ser for seg denne o så store hendinga som skal gå føre seg dei neste månadane. Eg både gledar og gruar meg. Gledar meg til å sjå, oppleva og møta nye kulturar, menneske og dyr. Gruar meg litt til å ta farvel med familie og kjente, for så å retta nasen mot det ukjente.

Den grovt skisserte reiseruta er no endeleg fastsett. Ei siste endring av destinasjon vart gjort under anstrengande arbeid på 1881 i dag, ei endring både Even & Vetle er godt nøgde med. Me har bytta ut kalde Beijing (-7 grader) med varme Bangkok (+34 grader). Reiseruta er: Noreg - Sør Afrika - Thailand - Singapore - Australia - New Zealand - Cook Islands - USA - Jamaica - Cuba - Noreg. Oversikten blir å finne på kart.

Legen ringte også under arbeide på 1881 og informerte om at no var malariamedisin, koleravaksine m.m. bestilt og at det kunne hentast på apotek om nokre dagar. Ein betryggande telefon, sidan det var "bestilt" for fleire dagar sidan. Myggspray (DEET 20%) og imprignerte myggnett, pakkesystem o.a. treng skaffast. Dette behovet vil me metta på Chillout i Bergen i løpet av neste veke.

Det var det som stod på tapetet i dag, no går turen heilt inn til Øystese.

<3 PussPuss <3

Skrevet av evenvetle 16:53 Arkivert i Norge Tagged preparation Kommentarer (0)

(Innlegg 16 - 20 av 20) « Side 1 2 3 [4]