Reiseblogg fra Travellerspoint

Vang Vieng og Turen til Viet Nam

...I kommunistane si hole...

sunny 29 °C

Etter totalt to dagar med enorme mengder regn, i det som dei kallar "the dry season", er det endeleg klart for tubing. Or is it? Vetle vaknar fyrst og ser ein tilsynelatande sleten Even purka borti hi senga. Even vaknar greit nok rundt 13 og shabby reiser me ut for aa ete foer me hiv oss i tubinga. Etter nokre meter kjem me fram til at me kjoeper oss "in the tubing" sletne troyer til enorme 12 kr stk. Etter dette konstaterer Even at no er det paa tide aa gaa tilbake til hotellet. Her er det spy paa veg! Kjap gange, inn paa rommet men ingenting kjem ut or eteholet. - Saa flott utbryter eg. Skulle ikkje sagt det, for 2 sek etter kan grusomme lydar hoyrast ut fraa rom 119 paa Dok Boua GH. Det vert ein rolig frukost, aleine, med Family Guy paa naborestauranten for Vetle. Saa vert det ikkje tubing i dag heller. Etterkvart, rundt 19 er Even klar for mat og me tek oss ein pils, og ein av oss tar seg bade ei og to til;) Dette gjer sitt til ein tidleg kveld for Even, medan Vetle slappar av i baren paa Ohlala over vegen. Her treffer han paa to svenske froekner som budde paa same GH i Bangkok. Det utartar seg til ein lystig heilaften der praten gaar lett og nye bekjentskap vert skapa.

Den fjerde dagen kjem me oss ut tidleg, no vert det tubing!:) Me kjem oss bort i rekkja av spente og bakfulle ungdommar som skal ut og freista temja elva. Fysrt trengte me eit faela depositum paa 60000 kip per tube. Me hadde berre nok til ein tube. Saa Even sette ut for aa henta Visa paa rommet og ta ut. Lenge om litt kom Even tilbake, men verken med pengar eller Visa. Det visa seg nemleg at Vetle hadde lyklen til doera. Begge to er oppgitte over dette toskaskapet og hyttar med neven mot himmelen i reint, men mildt, raseri. Saman vandrar me tilbake GHen for aa finna lykle. Vetle chillar lett paa rommet medan Even reiser ut for aa rana naermaste ATM. Tida gaar, og langt om lenge kjem Even opp paa rommet. Det visar seg at dei to einaste ATMane i mils omkrets er utav stand samstundes. How inconvenient! Saa vert det ikkje tubing i dag heller!! Korleis skal dette ende i the Tubing Capital of the world?? Me nyttar dagen effektivt i den vakraste av dei mange fjellholene i omraadet. Etter ein drug marsj kjem me fram og faar med oss to mindre streite hollenderar paa ferda. Ein liten tapp av lokalt snitt proever saa godt han kan aa introdusere seg som guide. Tek oss med inn i baade 1 og 2 hol i fjellet. Hodeskallegrotten vert aldri det same etter dette. I cave 1 er det smal inngang og eit massive rom innanfor. Ein Jesus heng paa den eine stalag-titten, og det var mykje flott aa sjaa. Cave 2 var stoerre og djupare. I botnen var det ein 20*30 m lagune som ein kunne bade i. Even og Vetle var ikkje seine aa bede og kasta seg lett ut i det friske vatnet. Herrleg!! Dagen gjekk mot kveld og alle var noegde med dagens innhald!

Forsoek nr 5 og me kjem oss endeleg paa tubing!! Sola brenn som berre Asia-sola kan og Even har paa seg den vakre Tubing-toppen sin;) Moeter nokre hyggjelege folk fraa England og me slaar alle fylje ned til neste baren. Det er litt av eit opplegg dei har laga til langs etter elva. Utallige barar sprett opp med ymse attraksjonar som hoege taarn med tau der ein kan svinga seg utfor og kasta seg i elva, og gode tilbud paa alkoholhaldig drikke. Kjoep ei bytte med utblanda sprit faa ei gratis og den slags. Enkelte stader er vatnet berre 2,5 m djupt for me opplyst. Beina fyrst og fingrane kryssa. Slenger oss i swings og i Zip Lines medan det kommunistiske oelet Beer Lao renn ned gjennom halsen. Etterkvart som tida flyg vert me merksame paa at me maa koma oss vidare og me susar avstad. Vetle reddar ein forlist London-gut som har mista skipet. - You saved my life, gjentar han til det kjedsomlege. I owe you a beer, no two! Det er det siste me ser til denne overheldige guten. Paa siste bar vert me med eit par paa soeken etter store fjellholer inne i jungelen. Me finn ei og det er ei lagune i den. Tida byrjar aa gaa i fraa oss og me hiv os ut paa elva igjen, plaskar nedover i vill fart medan armane piskar i vatnet. Tar alt pa gefylen og ungaar saavidt aa bli overkoyrd av dei mange smale speedbaatane som susar oppover og nedover. Plutseleg hoyrer Vetle grov rauting bak seg og ser til sin skrekk at han er paa stoe kurs rett inn i ein flokk vannboeffel som nyttar elva til nedkjoeling. Me kom oss baae ned elva i skapeleg tid, og fekk oss ein kjapp dusj foer turen gjekk ut for mat. Maa innroemma at middag langs elvebredda ikkje er det dummaste ein kan gjera! Saa bar det ut paa livet igjen. Reiste til Bucket Bar og moette igjen tre karar fraa Tuk-Tuken opp til tubingomraadet tidlegare paa dagen. Kjem i prat med desse over ei boette soete drikke. Dei viser seg aa vere hyggjelege folk og me har chill kveld i VangVieng!

Vaknar litt seint dagen derpaa, men det er berre flott. Frokost paa Family Guy som me kallar plassen next door. Og saa kjem me oss ut av rommet og opp til bussane. Der viser det seg at dei 2 bussane som gaar vidare til Luang Prabang gjekk kl 11, og selvfoelgeleg kl 12. Lao-logikken er ikkje aa spoekje med! Men heldigvis gaar det ein minibuss kl 14, dog litt dyrare, men billegare enn aa bli enda ein dag. Det vert eit trangt moete med minibuss. stappafull med 12 folk pluss sjaafoer. Even og Vetle sit strategisk til bakerst til venstre, med andre ord lengst vekk fraa fridom. Lite skjer under turen, iPod paa oyra og chickensandwich i handa. Fleire lange stopp. Kjem fram til Luang Prabang ca 21 og det er myrkt. Bussen er utanfor sentrum saa det vert tuktuk til eit hotel med vert tilbud av ivrige selgarar. It's all about the commission. Me tek oss ein tur til den kjende marknaden, men den viser seg aa byrja stenge naar me kjem litt sletne bortetter vegen. Det skuldast tydleg dei tre regndropane i lufta. Etter omtrentleg 5 minuttar visar det seg at the locals veit kva dei driv med for no fossar vatnet ned over oss. Beina paa nakken og fyrste restaurant me slenger oss inn. One this and one this seier me. Godt val, digg nudlesuppe og ei til med krydra smak. Yummy! Billig var det og, 10000 kip, dvs ca 8 kr. Regnet vil ikkje gje seg saa tuktuk med tak vert nytta tilbake til hotellet. Pruting var ikkje aktuelt denne gongen.

Dagen etter vandrar me litt rundt i L Prabang sentrum, sjekker ein marknad til og turistinfo. Skaffar tuktuk til bussen, som ikkje er langt fraa flyplassen hadde me lese. paa veg inn i tuktuken hoyrer me to engelsktalande at dei skal til air port. Felles tuktuk kanskje?? og me klarar aa faa prisen fra 35 000 pp til 50 totalt. Even og Vetle betalar 20 sidan dei skal lengst. Rettferdig skal det vera. Bussen gaar til Udomxai, sakte men sikkert kjempar me oss nordover. Udomsxai er den tristaste og styggaste byen i Lao les me i Lonelyen. Her er det berre Kinamenn og deira koner. Billig husvere finn me likevel, og proever litt frukt. DragonFruit er spanande, digg ogsaa! Tv paa rommet for fyrste gong, jippi! :) passar bra etter mykje reising. Ute hoyrer me skotsalve etter skotsalve gjennom TV-gnaalet. Skummelt, men det visar seg aa vere ei feiring med fyrverkerier. Veggene i rommet bestaar av noko som kan likna papp-plater. Og ein kan hoyra bade knappenaaler og anna fraa naboromma..Hmm........! Litt hammring og skjenn paa engelsk og norsk saa gjer dei fred.

Opp foer fuglane har fese og hutrande kaldt! Inn i nok ein minibuss, same stad som alltid, bakerst til venstre. Viser seg at dersom du er lokal kan du stable dine ting inne i bussen, medan me andre (dvs Even og Vetle) maa ha sekkene paa taket. Ein gammal knark tek like gjerne opp 3 seter og har ikkje ein gong billett kjem det fram etter kvart. Saa har han ikkje nok pengar og alt er berre vas. Men han kjem no med han ogsaa, i tillegg til dei to-og-tredve andre i bussen. Saa set me avstad i 20-seters bussen vaar. Nokon staar andre ligg og 20 sit. Stoppar borti hoegget og slepp innpa ein 2-3 til, sjoelvsagt med bagasje. Etter kvart er me totalt mellom 37 og 40 menneke inne i kjoyretoyet. Kan dette gaa bra daa?? Turen skal i alt ta heile sju timar. Etter fire og ein halv smell det noko grasalt fraa bakre floy. Bussen sjanglar avstad og kjem til ro etter fleire meter. Alle ut og inspisera. Begge dekka bak til hogre er punga. Just our luck tenkjer me, og smiler og ler. Godt med ein pissepause no ja. Fram med jekk, nye dekk, og slangar. Ja, dei nyttar framleis slangar i bussdekka i Lao. Tre lokale menn og sjaafoeren set i gang med arbeidet. Dekk av felg. Ny slange her, bytta dekk der. Arbeidet gaar sabla fort og etter mindre tid ein ein skulle tru, og hundrevis av pumperoyrsler er begge dekka fyllt med luft. Inn i bussen og avgaarde Kaare. Kjem fram til "stasjonen" 3 km fraa "sentrum" av staden Muang Khoue.

Gransa til Vietnam glimtar i det fjerne. Faar besjed om aa komma oss paa ein alt overstadig full tuktuk 8 passasjerar baki, (for)masse last paa taket, ris, gris og sykkel inni, og ein lokal dude+Vetle stAande bakpaa. Spenstig! Overlev dette og. Faar besjed av Turistinfoen at bussen over grensa gaar dagen etter kl 06 AM fraa den andre sida av elva. Og at me kan bu i eit guesthouse paa andre sida. Me kjem oss over, betalar baarmannen med store pengar, faar for lite att og grei besjed om at ein minibuss som ventar skal til Vietnam. Me stolar ikkje paa han sidan alle andre seier dagen etter. Og traskar i veg for aa finna eit guesthouse. Etter fleire gonger aa vore ute for at asiatarar ikkje hielt kjenner til tidsperspektiv og lengder blir den 5 min lange turen til 30 min foer me spoer ei gamal lokal trollkone om raad. Ho les framtida vaar i te-blader og tar sjela vaar ved hjelp av ein raud ballong. Sjoelvsagt er dette berre tull, men ho forklarer ivrig paa lokalspraaket (ikkje Lao) at me maa koma oss tilbake, over elva gjerne og bu der. Det var i alle hoeve det me fekkut av utropa og gestikuleringa med armane. Flaue og fesne tek me til paa den lange vegen tilbake. Forbi den knurrande hunden, som trudde Vetle klappa til ein lokal unge ved aa gi ein god gamaldags High Five, og forbi dei skrattande og undrande konene som sat og skar verdas stoerste rabarbra. Kom oss over elva og klarte til og med aa spyrje om rom paa Lao. Well done! Lite skjer i liten bygd, og ein tidleg kveld passar godt.

Opp umenneskleg tidleg nok ein gong, lommelykt og ned til elva. venta 1 time paa baat, kasta seg foran alle dei andre turistane og i lag med dei lokale. Do as the locals do! Naar me kjem i land ser me ingen buss, men dei lokale beinar oppetter vegen utan saa mykje som snu seg til ferjemannen. Og der staar to troytte typar att med ikkje spesielt imponerande skjegg i postkassa og maa betale for heile sullamitten. Sidan han lurte oss sist vart det likevel normal pris. Lesson learned; Run like hell! Dei 4-5 lokale har sjoelvsagt klart aa ta opp ALLE seta i bussen utanom dei bakerste. Saa vert det nok ein gong bak til venstre. Tryggt og trangt! Hompe Titten og hompe tatten saa ramlar me avstad i myrkret. Folket sitt overalt, oppaa vore foeter mellom anna. Dette vert ein lang tur. Fyrste pausen, digg pissepause, kjem naar ei gravemaskin sperrar vegen me kjoyrer paa. Det er nemleg eit vanvittig stort vegprosjekt paa gong nett paa denne "hovudfartsaara" mellom Lao og Vietnam. Vegen minnar mykje om vegen opp Sandvenslia til Krokavatnet heime. Berre at denne er kun mold og sand. "Her finn ein ikkje hjort, berre kollektiv transport!" Me klatrar og klatrar og klatrar oppetter fjellet. Ein enorm trang til aa letta paa trykket byrjar aa infinne seg hjaa den eine av dei to nordmennene. Aa sitja bakerst med knea under haka i verdas kanskje fullaste minibuss er ikkje det beste utgangspunktet for aa helda seg. Ein heilt forferdeleg kamp gaar for seg paa bakerste rad. Fleire bedande blikk til sjaafoeren og ville tankar om flukt ut gjennom naermaste vindauge fer gjennom hovudet. Etter 2 heile timar kjem me endeleg til toppen, og toalettene glimtar fraa huset. Ut UT!! Lett jogg bort, berre til ein ny skuffelse: Stengte doerer...Krise! Vert ein skoten om ein slenger ut slangen og gir naering til Guds natur i dette landet? Det for vere det same, her skal det urinerast. 10 min seinare (!!) og ein letta kamerat kjem att fraa buskane. Gjekk greit det! :) Gjengen kjem seg gjennom passkontroll, med spoersmaal om manglade Visum hjaa to nordmenn. Det gaar greit seier dei i kor.

Saa traskar alle 25 i veg, minibussen er long gone med alle tinga vore, passfoto og pengar og alt. Stressa kjensler byrjar bre seg. Turen gaar forbi det me trur er Viet Nam check point og ut paa ein liten skogsveg. Etter 10 min, bl a forbi 3 gravemaskiner medan dei grev, kjem me til bussen. Er det saa lett aa kome innpaa kommunistane?? Vel vel, ulovlege immigrantar. Fristar ikkje heilt aa snike seg unna paa denne maaten, men kva skal to tenaaringar gjere. Bussen maa me jo fylje. Det viser seg at Viet Nam har valgt ein heilt annan stad for sin base, og her vert me moett av offiserar med 4 stjerner paa skulderklaffane. Svaert alvorleg dei tar det her daa! Nye nervoese kjensler brer seg. Dette kan jo bli bra! "Alle personar fraa alle land maa ansaffa seg VISUM innan dei reiser til grensa" staar det greit i Lonely Planet. Orda staar som skrive i stein bak i hovudet. Inne vert Vetle fyrst tilropt paa ukjent spraak. Her skal dei sjekke kroppstemperatur staar det. Haapar det er i oyra eller under armen....Det visar det seg at det er det! :) 1 min og alt ok! No visa entry? seier den andre 4 star offiseren. No Visa smiler me litt skjelvne. Ok, 15 day stay. Stempel her og stempel der og me er innsjekka. Flottis!

Endaa 2,5 timar i buss og me naar Dien Bien Phu i Vietnam. Blir sett av mitt paa vegen og faar trykt ein mobil til oyra. BlaBlaBla..Hanoi...265.000 Dong...ikkje lett aa forstaa alt. Sjaafoernae i den andre bussen som skal til Hanoi kan ikkje eit ord Engelsk. Kjempegreier. Men me hiv oss no paa sidan me ikkje ser det heilt store med ein liten grenseby. Maa likevel vente nesten 2 timar foer bussen reiser vidare fraa busstasjonen, som vaar minibuss tilfeldigvis ogsaa kjoyrer til, og til Hanoi. I Vietnam har tydleg "kapitalismen" nett kome og pengar er alt. Difor reiser bussen som naerast er tom opp og ned hovedgata og kastar inn nye passasjerar. Dette gjer me ein time til bussen er heilt full. Even og Vetle faar streng besjed, som alltid, om aa setja seg saman. Endaa det er fleire ledige seter bak. Toskaskap! tenkjer me begge der me skvisar oss saman i Asia-size busseter. Det vert den lengste natta i manns minne. Mellom 1,5 og 2 timar soevn paa Vetle, litt meir paa Even som sit med vindauget. Ei jente legg seg strategisk paa golvet inntil Vetle sin fot. Denne jenta kastar opp heile turen paa 13 timar. Smooth! Vel framme i Hanoi har me funne oss eit hostel i boka vaar LP og det vaert taxi. Ikkje det at 10 km scootertur i 12 grader med to ryggsekkjer fristar saa reint lite kl 06 om morgonen ifoert shorts og t-shirt. Men nok om det. tek fyrste og beste i gata, og zzzZz...

Skrevet av evenvetle 04:46 Arkivert i Laos Tagged backpacking Kommentarer (2)

Fraa kaos til Laos

Farvel til braakete Bangkok, heisann landevei!

rain 26 °C

Etter nesten ei veke i Bangkok og Thailand fann me det naturlig aa hive sekken paa ryggen og reise vidare nordover i Asia. Det var med andre ord tid for eit siste kveldsmaaltid i storbyen. Like utenfor gjestehuset vaart hadde me eit stort matmarked kor alt mulig, etande eller ei, blei steikt, grilla, kokt eller hakka i hel for ein billig penge. Vetle saag seg ut ei lita mattralle kor ein liten familie var samla. "Me. Him. Food, please," var alt som skulle til foer dei diska opp ei suppe av nudlar, kjottbollar (krysser fingrane for at det var kjottbollar) og to-tre seige kjottbitar. Mangel paa kommunikasjon var ingen hindring. Smaajentene peika og lo, og naar me proevde aa sei hallo paa det lokale stammespraaket brast dei ut i latter. Mannen paa gata, ein liten type i 30 aara, introduserte seg som Brad Pitt, men der r-en og ein tydeleg, vestlig uttale mangla tolka Even det som "Bapi" og proevde for alt det var verdt aa uttale det morosame namnet. Latteren laag laust, og daa Vetle introduserte seg som James Bond kokte det over humoermessig, saavel som i koppar og kar, utenfor gatehjoernet paa Soi 3 i Si Yan, Bangkok. Maten blei servert med pinnar og skei, og i rein iver heiv Even seg paa utfordringa med aa ete med spisepinner for foerste gong. Det var ingen lett sak, men etter at lokal gatekjoekkenmann nummer 3 gledelig hadde framfoert sitt spisepinnekurs, fekk han nuddelspaghettien paa kornet. Sjeol om kjottbollesaken var verre aa faa tak paa, lot hverken Vetle eller Even seg vippa av pinnen (hoho!:). Me takka pent for maten, proevde oss nok ein gong aa helse riktig og korrekt paa fnisejentene, og gjekk aa la oss med nokre enkle, men kjekke minner ekstra.

Tidlegare paa dagen hadde me oppsoekt togstasjonen i Bangkok for aa finne billigast mulige billettar til Nong Khai, grensebyen mot Laos. 20 minuttar seinare kom me tankefulle ut doera med to stk VIP-bussbillettar til Vientiane i lomma, 1300 Baht fattigare og eit ansiksuttrykk som sa: "Kva skjedde?" For 300 Baht ville me komt oss med nattoget til Nong Khai, men dama paa turistinformasjonen (les: reisebyraaet) meinte at ein pakkeloysing med tre busskift som til slutt ville ta oss over grensa og inn til Vientiane, var den beste loysinga. Ein kjempeide, tenkte me og kasta pengane paa ho! Bussen var riktignok av ypperste kvalitet og komfort, sjoel om me (og eit titals andre forvirra turistar) naermast blei smugla gjennom gater og smug foer me kunne setta vaare bein i det, for anledningen(?), juledekorerte bussvidunderet.

Vel framme i Vientiane fann me fram til det vidkjende Scandinavian Bakery me hadde lest om i Lonely Planet. Nokon ville kanskje paastaa at 24 000 for eit frokostmaaltid var i meste laget, men her i Laos er det heilt sikkert akkurat passe (ca 17-18 kr). Me tok inn paa gjestehuset og sovna inn etter ei lang natt i ein, etter forholda behageleg buss. Etter forholda.

Kontrasten mellom verdensmetropolen Bangkok og den avslappa laosiske hovedstaden kunne ikkje vore stoerre. Medan du paa to minutt lett kunne gaa deg vill i dei livlige thailandske gatene, har du i Vientiane allereie gaatt ned heile hovudgata paa same tid. Paa fortauskanten staar tuktuk-sjaafoeren og lurer paa om du kunne tenke deg ein tur i kjerra hans. Nei, seier du, og mannen legg seg tilbake i hengekoya han strategisk har festa i den vesle doningen. I Bangkok vil tuktuk-mannen fyrst forfoelga deg bortetter fortauskanten medan han kjevlar i vei om baade skreddarsydde dressar, alkohol og boom-boom, foer han til slutt blir hissig, koyrer deg ned og legg restane av kroppen bak i setet. "Thlee hundled Baht! I go I go!" Langs elvebreidden staar dei utallige handycraftsjappene og banana pancake-trallene paa rekke og rad, medan Mekong-elva stille flyt forbi. Livet er herleg avslappande i Vientiane, og dei fire dagane me tilbrakte der gjekk alt for fort. Til og med syklane i Vientiane gaar seint. Det gjorde iallfall dei to punkterte damesyklane me leigde eine dagen, der me kasta oss ut i trafikken med livet som innsats. Men overlevde gjorde me, turistar var me og vel verdt var dei 10 000 kip me spanderte paa dei to modne skjonnheitane.

I gaar ankom me Vang Vieng i lokalbuss nummer 01. Den 4 timar lange mjoelkeruta var ein opplevelse i seg sjoelv, der lokale laoittar prata seg gjennom landbrukterrenget. Etter ein times koyring starta passasjerane paa dei bakre rader aa kvekka hoeglytt. Det var tydeligvis tid for dopause, og den vesle jenta som kjende naturen kalle, sette seg likegodt rett utenfor bussen og lot det stod til. Passasjerane lo, bussjaafoeren lo og dei to nordmennene lo dei ogsaa. Velkomen til landsbygda!

Etter aa ha sjekka nattelivet i gaar kan me herved konstatera at det er brukbart. Himmelen har opna alle sine sluser over denne vesle byen, og me avventer no vaeret foer me bestemmer oss for nokon vidare reise. Vang Vieng er kjend for tubing (fleire timars flyting nedover Nam Song elva, med eventuelle stop paa nokre av dei dusinvis av barar og hoppetaarna) og tubing skal det bli!! Me krysser no fingrane for morgondagen. No vert det bananapancake med sjokolade foer middagstid er her. Paa gjensyn :)

Skrevet av evenvetle 19:47 Arkivert i Laos Tagged backpacking Kommentarer (5)

Bangkok

Fyrste destinasjon i Asia

sunny 33 °C

Etter avreise fraa Johanburg venta omlag fem-og-foerti timar tidlaus avslapping paa Abu Dhabi International Airport, med fem-og-foerti meiner eg sjoelvsagt 9 timar. Desse blei for det meste tilbrakt i ymse stillingar som skulle kunne fremje soevn. Noko det til slutt gjorde kl 03.45 lokal tid. Daa me landa i Abu Dhabi trengte Even ei ny og ikkje minst usveitt troye. Valet var enkelt "I <3 Abu Dhabi". Vetle var heldig og fann, etter eit lett maaltid, ein slik ein ligge-stol. Med ein del manuvrering kunne ein faktisk finne ein nokonlunde god stilling. Even kjempa lenge og vel mot ein noko liten, men ilter mann fra India. Til slutt vart det Even som fekk sitt rette sete. Etter gode 3 timar soevn der i blant mellom 4 og 6 oppvakningar var me klare til aa borde flyet som skulle taka oss resten av den lange vegen til the Far East! Flyet var selskapet Etihad som sist, og faar kommentaren "Meget Bra!" Noko det jammen meg var, bortsett fra noken smaafrekke flyvertinnner som snakka om id for pils og "du ser ut som du e 16". Med eit utvalg paa 84 filmar var det greit aa finne noko aa glane paa for aa faa tida til aa gaa ;) Etter 3 el 4 filmar var det ikkje lenge igjen av den 5 timar lange turen og tida for aa trykke pute og teppe ned i sekken var inne. Daa me landa i Bangkok, troytte og slitne var det berre til aa kome seg i taxien og proeve aa faa fram adressa paa noko gebrokken thai..Ingen skjoena noko, men me kom fram til nabolaget i alle hoeve! Der i fraa blei me, med peiking og hoying visst vegen til Bluefin Guesthouse (som foroevrig er eit drit bra guesthouse litt utanfor det vanlige her-er-alle-turistar omraadet Khao San Rd.) Fysrte dagen moette me nokon svenskar, dei var vennlege og lurte paa om me ville ta ei pils med dei, eller bais som dei kalla det. Ein bais blei til 2 og slik gjekk det no. Etterkvart for Even i seng medan Vetle vart med dei to svenskane og eit fransk par ut for aa sjekke Bangkok's uteliv. Det var morro. Litt utpaa kvelden kom det fram at svenskane var homofile. Greit nok, men det kjendest no litt rart likevel. Hyggjelege folk. Dagen etter moette me Birger Aasheim som driv Aasheims Sportsreiser her i Bangkok. Det var Even, meg sjoelv og ein som heiter Jarle fra Porsgrunn som var med. Dag 1 var episk! Fekk verkeleg sitt litt av kvart og nok om det. Dag 2 var det Green Day konsert som stod for doera!! Dette var enda meir episk. Her moette me 2 finnar og 2 thailendarar. Heile gjengen hoya og hoppa og dansa heile kvelden 5 m fra scenen. Fantastisk! Seinare paa kvelden spela me pool, og paa veg heim ramla me like greit over Little Arabia, der me moette tre staute araberar som laerte oss baade Thai og Arabic. Salam Maleikum? Korleis gaar det? Dag 3 var det tid for avslapping etter to aharde netter, og gutane kom seg ut or huset ganske noyaktig kl hall 4. Imponerande arbeid tykkjer me begge! Vasa litt rundt i turistbefengte Khao San Rd. Tok litt skytrain, river taxi og vasa litt til. Torsdagen gjekk med til endaa meir vasing, endaa me begge hadde det klart for oss at idag, idag skal me koma oss opp og ut til kl 9! MEd vekkerklokke og greier vakna gutane greit hall 1. Men det faar no vaere. Dagen vart kort men likevel interessang med alt Bangkok har aa by paa. Minnepenn vart kjoept og anna nyttig. Dagen i dag vart endaa bedre, ut kl hall 12 og opp til Bangkok's stoerste marknad. Lite visste me om at dette var ein weekend marknad. Saa det var lite liv der paa ein fredag. Ny sjangse i morgon. Resten av dagen nytta me likevel godt med synfaring i tempel, der i blandt ein 3.5 m hoeg og 5 tonn tung Buddah figur i solid gold. Vakkert! Billettar til Laos der me reiser i morgon, Chinatown og Little India. Nok ein flott dag! I morgon proever me nok ein gong aa staa opp tidleg aa kome oss til den same marknaden som i dag. For saa aa sjekke ut og setje nasen nordover mot ukjente farvatn. For i Laos vert det tubing og elverafting nedover den mektige Mekong River. Foelg med for oppdateringar! ;)

Skrevet av evenvetle 01:36 Arkivert i Thailand Tagged backpacking Kommentarer (0)

24 days overland safari 2009-2010 del 2

God jul og godt nyttaar (paa overtid) fraa to safariferdige nordmenn:)

sunny 35 °C

Etter julefeiringa i Etosha var det igjen mykje koyring gjennom ulendt terreng. I Namibia er nemleg asfaltvei eit heller uvanleg fenomen, saa med iPoden i oyra og hovudet lent mot vindauga blei da ein del god dose norsk banning og broeling i dei bakre rader. Me kom no lengre nord i Afrika og 27. desember tok me oss over grensa til Botswana og til byen Maun. Det byrja no aa bli groent og frodig paa baae sider av safaritrucken og dyrelivet blomstra. Me ankom Drifters Maun Camp kor me telta for kvelden og sovna til lyden av flodhest og esel i det fjerne. Dagen etter skulle me ta oss inn i Okavengo Delta, eit elvedelta kjent for vanvittig dyre- og fugleliv. Guiden Karel kunne fortelja at dette deltaet kunne sjaast fraa maanen. Me sette oss i vaare tomanns Mekoro (ein slags kano skjert ut av trestamme) og tok oss inn i det grunne vatnet mellom krokodillar og flodhestar. Etter at toalettholet i bakken var gravd, den hoegst interessante "do-stolen" var plassert over holet og me hadde faatt ein kort leksjon i korleis det fungerte (sett deg paa stolen med hol i og treff holen i bakken, foer du sette fyr paa ditt dopapir med ekskrement og fyller jord paa toppen) gjekk me til fots ut i villmarka. Me hadde med oss ein lokal guide som gjekk foerst. Dette var "Big 5 land", saa det var ikkje uvanleg at ei loeve eller buffel venta paa deg rundt neste busk. Etter aa ha sett skuffande lite (sebra, neshorn, krokodille under vatn, edderkopp og elefanta saag me riktignok, men her i gaarden vil me ha loeve eller leoparda paa naert hold) la me oss til aa sova til lyden av elefanttut og loevebroel i det fjerne. I tillegg til froskekvekk...inne i teltet. Men takka vere dei krafitge myggnetta dynka i aktiv nervegift, haldt froskane avstand til bar hud.

Turen fraa Maun til Kisane var omlag 300 km lang. Paa denne strekning talte me intet mindre enn 28 elefantar i og/eller naer veibanen, og etter besoeket i Chobe National Park kom talet paa elefantar totalt opp i 60-65 den dagen. I nasjonalparken hadde me faatt beskjed om aa speide godt etter leoparden, den einaste me mangla paa vaar Big Five liste (elefant, neshorn, boeffel, loeve og leopard). Konsentrasjonen av leopard og flodhest var stor i parken, men medan me saag latterlig mange flodhestar beitande som kyr bortetter elvebankane (skuffande lite action fraa det mestmenneskedrepande afrikanske dyret) skimta kattedyret med sitt fraavaer. Det var no tid for aa bita tenna sammen, klistra paa eit falskt smil og lata som ein ikkje kunne engelsk - det var tid for aa kryssa grensa over til Zimbabwe. Me klarte aa smila, nikka og rista paa hovudet oss over grensa og me ankom Victoria Falls, turens hoegdepunkt, i 6 tida 30. januar. Paa veg inn i Vic Falls Town kunne ein sjaa roykskya i det fjerne, Victoria Falls - the Smoke that Thunders!

Neste dag var det opp klokka ti og paa tide med eit nytt adrenalinkick. Kvelden foer haddde me likegodt meldt oss paa Half Day Adrenalin, bestaande av Flying Fox, Zip Line og ikkje minst, Gorges Swing - 75 m frittfall (etterfulgt av ei huske det lukta svidd av der me skaut fart bortetter, 20 m over vassflata) over the mighty Zambesi, som droenna forbi 120 meter under plattformen. Ei episk oppleving som leika med nervene. Dette vart sjoelvsagt kapra paa film, og vil verta publisert naar det hoever seg. Etter at adrenalinet fekk senka seg krevde dei to nordmennene at no maa de kjoyra oss til Vic Falls, det skulle no berre mangle! Ved aa kreva det ein ynskjer faar ein det som oftast, og me naadde porten til eit av dei sju naturlege underverka 4 min seinare. Sidan me ikkje var lokale Zimbabwians maatte dollarane paa bordet. Etter litt feilorientering kom me paa riktig spor og fekk oversikten over det mektige vassfallet! Til vaar store overrasking var det kjendsfolk aa finna, systrene Lizanne og Astridt stod og skoda utover dei veldige vassmassane som stroymde utfor. Warning: Slippery when wet! Vaate til skinnet, og vel saa det, sneik me oss saa naer kanten me torde. Her var det ikkje snakk om noko tryggingsgjerde, eit feilsteg og ein fall i sin sikre doed over 100 m lenger ned. Skremmande! men ingen fall:) Etter planen skulle alle moete til Sunset Cruise (les: Booze Cruise) kl 1600, kl 16.05 sprang dei fire turistane som piska svin mot utgangen, taxi taxi!! Andele Andele! Etter ein kjapp runde diskutering av pris vart det som nordmennen ynskja. 10 min til avgang ropa dei naar me entra Drifters Inn Vic Falls kl 16.15, ein kjapp dusj og sleng paa dei naeraste fillene og alle var klare til aa misbruke alk...ehm..nyte solnedgangen paa elva. Dette vart ogsaa gjort med stor iver! Daa turen gjekk mot slutt var det berre aa hive nedpaa og spyrje fint om litt niste paa turen. Nista kom i form av lommer fylt til randen med pils, andre med ei flaske sjoelvblanda drikke. Saa var det paa tide aa male byen roed! Lite kan..skal seiast om det som forlaup seg ute i Vic Falls gater, men mykje folk og good vibes var der! Etter ei hyggjestund tilbake ved Drifter Inn, med meir drikke, bading med og utan klede og fleire mislykka forsoek paa aa tenne stjerneskot var det kveld for dei fleste, medan andre kom tilbake i den legendariske storformen og soekte mot nye opplevingar. Det endte med ei lang natt hjaa nabofamilien der det var duka til fest i hagen, med "braai" (les: BBQ) og musikk. tre kvite og x-antall innfoedde dansa lokale stammedansar naerast til sola stod opp. Det byrja aa tynnast i rekkjene og paa tide aa gaa heim. Nyaaret, 2010, var eit faktum. Morgonen etter var det to (minst) troytte tryner som kom slepande ut av rom nr 17. "Bacon and Eggs, please!" Scrambled...saa var det berre aa pakke og komme seg i bilen, finne lommeboka, gloyme igjen nokon klede og hugse nokon andre. Ipod paa oyra og zzZZZz!

Naar me att slo augo opp var me framme ved Hwange National Park. Ein sleten og slapp gjeng samla seg rundt matfatet daa guiden trylla fram pastamaaltidet han hadde smugla med seg fraa hotellet i Vic Falls. Reisefoelget sette seg i ring rundt den for augeblinken heilage Coca Cola-flaska og delte dei 2 litrane broder- og soesterleg. Med fuglekvitter og bavianskrik som perfekt bakstoy etter ei lang natt, var det tid for nok ein game drive gjennom nok ein nasjonalpark. Game drive kan forresten oversettast til "kjoertur for aa sjaa etter game (dyr)". Hwange var, som resten av Zimbabwe, groen, frodig og vakker. Me heldt igjen augena opne for alt som viste antydning til bevegelse mellom den tette vegetasjonen, men heller ikkje idag knytta me kjennskap til den majestetiske leoparden. Det myrkna paa og baade groene og gule augepar dukka opp mellom buskane. Raude auger hadde me nok av i den opne 4x4-trucken, og det var tydeleg at rusen enno kontrollerte deler av hjernebarken hjaa individer i reisefoelge. I reinaste panikk heiv det eine safarikvinnemenneske seg over den livredde sjaafoeren og broelte saa trommehinna kvein at " DER!! DER ER DET NOKO!" Dei resterande i baksetet hadde vakna fraa sin forbigaande dvale og venta i spaning paa dommen fraa guiden. "Det er baklysa til den same Jeepen me har passert 7-8 gonger", sukka vaar mann og konstaterte at dagens game drive var over.

Me tok oss no vidare soerover i Zimbabwe medan sivilasjon og mobildekning vinka farvel langt der bak. Neste stopp var Mobuto National Park, kjend for Afrikas stoerste konsentrasjon av svart neshorn (som ikkje er svart, men graa) og hoege konsentrasjon av leopard og svart oern. Her skulle me takast me ut i bushen av vaar egen Crocodile Dundee, bushmannen Ian. Han kunne fortelje at no var det paa tide aa halde fokus og konsentrasjon oppe, for her skulle det bli vandring mellom neshorn. Etter kort tids koyring, stoppa den hoege, tynne, opprinnelig engelske mannen bilen og gav oss hintet. Me skulle luska oss innpaa eit aldri saa lite fleskeberg. Om Stewe Irwin moette naturen med livet som innsats, kan ikkje mykje anna seiast om denne mannen. Me sneik oss innpaa (8 sveitte og pustande turista med krumma nakke og boy i knaerna) og fann oss godt tilrette halveis goymd bak eit tre, omlag ti meter fraa det kvite neshornet (som ogsaa var graat og ikkje kvitt). Det blei mang eit godt fotografi, men fotografjeger Chris syns likegodt at han kunne finne ein betre vinkel og spankulerte likegodt eit stykke til side for treet og fann seg til rette midt paa sletta, sentrert i synsfeltet til den 2,7 tonns tunge drapsmaskina medan han veiva med dei raude skjorteermene for aa sikra seg merksemd og eit naturleg aggresivt blikk. Alt gekk heldigvis bra og me fekk beskjed om aa ferda vidare til neste neshorn. Det var visstnok lettare enn sagt for me saag ikkje fleire neshorn den dagen. Vanlegvis ville me ha sett 10-12 dyr paa ein slik tur, og bushman-Ian uttrykte stor bekymring for den manglande neshornsverminga. Han bestemte seg difor for aa fortelje oss litt om neshornets natur og gemytt foran eit eksepsjonelt stor eksrement. Bushmannen, ikledd short-shorts for anledningen sette seg i kledelig huk-stilling foran det lyttande reisefoelget og starta fortelje. Dei 8 turistane fulgte noye med medan bushmannen braatt byrja visa sin eigen bush. Synet som traff dei to 19-aarige nordmennene var nemleg ein balle som gemytteleg kraup ut or Bushman-Ians mildt sagt minimalistiske klesdrakt. Underty er nemleg sett paa som luksus i denne delen av Afrika. Etter fleire hark og kremt skjoena dei to raskt at den andre hadde oppfatta den urovekkande situasjonen, og kampen mot det komande latterbroelet var eit faktum. Med skulande blikk fraa dei andre vart kampen for hard og krampetrekkande fnising kunne hoyrast gjennom jungelen. Det var no tydeleg at det berre var dei to nordmenne som hadde sett meir enn neshorn i dag. Tida verka aa staa stille, og medan magemusklane pressa paa for aa halde igjen det veksande broelet, maatte dei kapitulere i andre deler av kroppen og ein trompet av ein promp saag dagens lys mellom reisefoelget. Den pinlege augenblinken var eit faktum! Denne unnaleidningsmanoeveren virka tilsynelatande godt og foelget fortsatt sin ferd gjennom den saakalla neshornparken, begge med halen mellom beina, og ein med ein doyande promp i baken.

Det naerma seg slutten av safarieventyret, og berre passasjen over den zimbabwesiske og soer-afrikanske grensa gjenstod. Det var litt av eit kaos, daa den soer-afrikanske grensa er open og zimbabweserane meir enn gjerne onsker seg eit nytt land aa bu i. Etter 7 timar i koe totalt, var me endeleg tilbake til sivilisasjon og paa soer-afrikansk jord. Siste kveld i afrikansk villmark tilbrakte me foran leirbaalet og nytte stillheita og sirissongen.

I Johannesburg tok me farvel me vaare safarivenner gjennom tre veker og oenskte dei alle lukke til vidare.

No har me tenkt oss paa Apartheidmuseumet, foer ferda gaar vidare til Thailand og Bangkok i morgon klokka 13.55. Me har hatt ei fantastisk tid i Afrika, og opplevd og sett mykje meir enn ein kunne forestille seg paa forehand. Absolutt aa anbefale - eit utruleg kontinent!

Takk for alle kommentarar, alltid kjekt med tilbakemeldingar! Beklager daarlig oppdatering paa vaar tur i Afrika, men daarlig eller ikkje-eksisterande internettilgang maa taa si del av skulda. I Asia skal me legga innpaa det me har av gode bilete, saa foelg med foelg med. ;p

T I A - This is Africa!

Skrevet av evenvetle 00:34 Tagged backpacking Kommentarer (4)

24 days overland safari 2009-2010

Cape Town via Victoria Falls to Johannesburg

sunny 28 °C

Mandag 14.desember 2009 sette eit reisefoelge paa 9 avgaarde fraa dei trygge omgivingane i den Soer-Afrikanske Kappstaden til nye jaktmarker lenger nord paa det fryktinngytande afrikanske kontinentet. Dei safarireisande var foelgande: Guiden Karel, tyskerbanden Anja og Daniella, kanadiske Peggy, fotografjeger Chris fraa Nederland, soestrene Lisa og Astrid ogsaa fraa Niederland og til slutt den utloysande faktoren som gjorde at snittalderen haldt seg under 40; team Norge - Vetle & Even.

Ruta var klar og proviant vart kjoept inn (oppsiktsvekkande mengdar alkohol vart registrert i kassa hjaa dei tre reisende froeknene fraa henholdsvis tyskland og amerika - her skulle det bli mannabein) og reisa gjennom fire land kunne begynne. Maalet for turen var klart og tydeleg; det kroellete haarstraaet fraa den onde fyrste Mugabes friserte ansiktshaar skulle pulveriserast i dei broelande falla innerst i den zimbabwesiske jungel, kor den ufyselege diktatoren ein gong hadde tatt sine foerste steg mellom krokodillar og gapande flodhestar. Krigsherjaren skulle befriast fraa all makt og senkast i mektige Victoria Falls medan bror- og soesterskapet anfoert av guiden Karel, triumferande i sin groene MAN-safaritruck, skulle ta seg tilbake til hans heimby, Johannesburg, kor han skulle krunast til Safariguide av Gyllen Adel foer han kunne sette seg paa trona og endeleg kontrollere den stoerste pengemaskina av dei alle - afrikanske safarieventyr!

Etter aa ha tilbringt to dagar i Cape Town saman med gruppa, tok me fatt paa transportetappe nummer 1 gjennom Soer-Afrika. Paa infomete i Cape Town fekk me beskjed om at paa ein saapass lang overlandtur, 6850 km koyring i safaritrucken, var det uunngaaelig at det blei 4-5 slike dagar. Foerste dagen tok me oss opp mot grensa til Namibia, til den doesige landsbyen Springbok. Dette var ogsaa namnet paa det forste ville dyret me saag paa safarien, ei oerkengaselle me skulle komme til aa sjaa utallige gonger dei neste par vekene. Etter aa ha nytt vaart foerste "bushmancooking"-maaltid, som guiden kalte det, i den afrikanske oedemarka, samla me oss rundt baalet til ut i dei moerke nattetimar. Med ein solnedgang ein berre finn i Afrika (saavidt me veit) og ei stjerneframsyning ingen av oss har sett makan til la me oss til aa sove under open himmel medan me telte stjerneskudd paa stjerneskudd. Etter eit sterkt moete med den Afrikanske villmarka, visste me likevel lite om kva som venta oss vidare - TIA!

Me kryssa grensa over til Namibia og etter berre nokre faatals kilometer gjennom mars-liknande namibisk orken, dukka den groene og frodige Orange River opp i safariruta; det var tid for kanotur. 35 km tilbakelagt i kano, frivillig (og ufrivllig) bading, solbrent skandinavisk hud og nok ei natt under open himmel, denne gong mellom frosk og maur paa elvebankane, var berre nokre av noekkelorda me noterte i dagboekene vaare etter vel endt kanopadling. Forsoek nummer 1 paa aa oppdatere bloggen vart iverksett. 30 minutt, derav 5 med aktiv browsing, og 30 nambiske dollar seinare, hadde me faatt eit glimt av vg.no og svippa innom Facebook, foer nettet tok kvelden daa brukar nummer 2 entra verdsveven. Mission failed!

Namibia er kanskje det landet med mest variert landskap. Gjennom safaritruckruta saag me steinoerken, grusoerken, sandoerken, afrikasavanne med afrikatre, afrikasavanne uten afrikatre, fjellandskap og verdas nest stoerste canyon etter Grand Canyon; nemleg Fish River Canyon. I 40+ grader naadde me the Namib, den namibiske oerkenen, kor me tilbringte 3 dagar i ein oerkencamp. Her var det til og med eit lite basseng ein kunne kjoela seg ned i, men etter at noken inviterte 30-40 store afrikaveps, 25 vanlege veps og 2 kjoettfulle rotter til poolparty var aktiviteten i det likprega fuglebadet heller laber. Rundt leirbaalet naar moerket senka seg var derimot aktiviteten i hoegste grad paa plass. Skorpionar kom og gjekk, og Vetle var ikkje snauare enn at han fekk lurt den giftige saken opp i handa. Guiden kunne i ettertid avkrefta det nokre i foelget lurte paa, nemleg om skorpiongifta var doedeleg. Nokre dagar i smertehelvete kunne du riktignok sjaa fram til.
Paa desse tre dagane var me paa orkenvandring, natt game drive og besokte dei utallige sanddynene i Sossuvlei. Naar me stod paa toppen av sanddyne 45 klokka 7 om morgonen og skua i alle retningar utan aa kunne sjaa mykje anna enn sanddyner, ja daa var me einige om at me faktisk var i oerkenen. Vidare gjekk turen til Swakopmund, kor me tidleg hadde bestemt at her skulle me hoppa i fallskjerm! Sola skein, himmelen var blaa og to stk nervoese nordmenn skulle flygast til 10 000 fots hoegde for saa aa bli kasta ut av det velfungerande flyet. Ein vanvittig opplevelse og vel verdt den tusenlappen det kosta der me fall i 220 km/h mellom himmel og jord, oerken og hav!

Julekvelden naerma seg no med stormskritt, og me hadde tidleg faatt beskjed om at den skulle feirast i Etosha National Park, tidlegare verdans stoerste nasjonalpark. Det var no Afrika for den dyreinteresserte byrja. Me ankom julafta i parken og koyrde game drive gjennom parken. Det tok knapt meir enn 10 minuttar foer elefantar og giraffar heiv seg inn i synsvinklane paa begge sider av trucken. Fotografjeger Chris drog fram linsa fraa etuiet, stakk hovudet ut av vindauga og zoomte som aldri foer! Det tekniske vidunderet skaut fart gjennom landskapet og var nesten bortpaa elefanten foer han knipsa og hoia medan han toemte minnekortet for plass. Etter at me hadde gjort oss ferdige med elefantar, giraffar, sebra og mykje anna, koyrde me vidare gjennom den enorme parken. Braatt kvapp me til daa det kom eit hyl fraa sete 2B paa hoegre side: LION! LION on the RIGHT! skreik dama fraa Canada og dei 8 turistane heiv seg over kvarandre i jakta paa den beste utsikta. Ein loevefamilie paa 5 hadde lagt seg til rette i skuggen under eit tre, omlag 10 meter fraa trucken. Panoramaview med andre ord! Even, som no er den einaste med kamera etter at Vetle sitt minnekort kapitulerte allereie FOER safarien byrja, pressa seg forbi fotografjeger Chris og knipsa og hoia han ogsaa! Vidare saag me neshorn, hyener, fleire typar gaselle og antiloper, oern, og mykje anna! Ei helt spesiell julafta med andre ord! Julekvelden feira med saman med ein annar Drifters-gjeng og dei to guidane laga middag og dessert. Oppvasken var det dei reisande som maatte staa for, men etter aa bore bort skitne kaserollar og fat og klar for aa ta i eit julekveldvasketak, saag me at det alt hadde danna seg eit vaskelag rundt oppvaskdisken. Me tok difor turen til vannholet like ved og nytte stillheten medan tre neshorn slukka toersten samans med ein sjakal og to. Fornoyde med vannholaktiviteten tok me oss tilbake til leirplassen, kor det venta ein repremade om oppvaskkultur og samarbeid. Dei to guidane kunne fortelje at no var me i troebbel, og at det vanka vaskeklut- og -kost i dagane som kom. Vetle hadde hatt eit uheldig moete med bassengvatn nokre dagar tidlegare og var tydelege redusert. Even hadde derimot ingen unnskyldning og hadde 3x oppvask aa gleie seg til i morgon. Lite vart det sagt om at me hadde teke oppvasken dei to siste kveldane...Forvirra og slukoyra lufta me tankane om mytteri, men tok oss i aa synge julesangar og fann ut at paa julekvelden daa skal alle vere blid.

Skrevet av evenvetle 05:52 Tagged backpacking Kommentarer (6)

(Innlegg 11 - 15 av 20) « Side 1 2 [3] 4 »