Reiseblogg fra Travellerspoint

Paa rek i California - pek i Missouri

Krispy Kreme doughnuts: check! Hardee's: check! Pizza Hut: check! Kjendismoete: check! Kvisete og feit hud: check!

semi-overcast 15 °C

Etter at sola svikta naar det gjaldt som mest i stillehavsparadiset Rarotonga, var det med sommarfuglar i magen me venta paa den store stjerna daa me landa paa lettnavigerbare LAX ein tidleg sundag morgon. Med heile ein stk Cook Lager kvar i bagasjen, var det med kaldsvette om nakken me slusa oss gjennom sikkerheitssjekken. Slapphendte og overvektige som dei var, gjennomfoerte me smuglingsaksjonen utan problem. Med alkoholen godt plassert i sekken, var det likevel ingen solrus som moette oss utenfor. Ein iskald vind i ein iskald skygge gjorde sitt til at gjensynet med USA ifoert shorts og tanktop vart ein aldri saa liten nedtur.

California - sol og varme, babes i bikini, skeive menn i speedo, og ikkje minst sommar heile aaret. Dette bilete, skapt for oss naive nordmenn gjennom kommersielle tv-seriar og virkelegheitsfjerne filmar, datt i golvet med eit smell i det me drog glidlaasen paa fleecejakka opp under haka, knaut collegegenshetta rundt nakken og sette kursen mot Santa Monica Pier. Sveitte, mannlege joggarar i spurtetruse og t-skjorte var det naeraste me kom det erotiske hjoernet i jakta paa Sergeant McNamara og dei andre sykkelkonstablane i Pacific Blue. Med den piskande vinden snikande rundt shortsdekte bein, fann me fort ut at dei no halvbleike kroppane ikkje vil faa sin rettferdige dose D-vitaminer i California heller. Paa bussen heim kom me i snakk med to afroamerikanar som i fyrste augekast ikkje saag ut til aa sette pris paa naervaeret til to kvite ungfolar. Men daa me fann fram kartet me akkurat hadde faatt gratis av ein gammal uteliggar av asiatisk opprinnelse, sette den amerikanske vaeremaaten i gang maskineriet i ogsaa desse skrottane: "Are you guys doing ok?" Dette var starten paa ein samtale som omhandla alt i fraa temperatursvingingane i California, beste restaurant i San Francisco, til kor farlig nabolaget me budde i var. Inglewood - som ogsaa var nabolaget der Snoop Dog vaks opp (personen me snakka med var farleg lik Snoop Dog) var visstnok ikkje den optimale lokaliseringa for vaart Los Angeles Backpackers. Men bussane kom og gjekk, og me kom oss rundtomkring i Los Angeles. Me besoekte Hollywood eine kvelden, kor me moette paa Tom Green (om du mot formodning ikkje skulle kjenne til sjoelvaste Tom Green - Google/youtube) som framfoerte eit ekte live-show for oss i ein tilfeldig maskebutikk paa Hollywood Boulevard. Ein lang historie gjort kort: han endte til slutt opp med ei gorillamaske paa hovudet, etterfulgt av pinleg stillhet og lange blikk mot personalet, foer han banka seg paa brystet og broelte hemningslaust det neste halve minuttet! Priceless! :D

I lopet av kveldane i Hollywood vitja me Graumans Theatre for aa sjaa Nightmare on Elm's Street, proevde oss med ei oelbestillingen paa Hooters (gjekk skeisen saa det sang!) og fekk gratisbillettar til Jimmy Kimmel LIVE! Der stod me riktignok to timar i koe utanfor, men heldigvis for oss vart me fort kjende me eit kanadisk ektepar, og ein meksikansk uteliggar med penere-dame-hatt, som inneholdt ein gratis burrito til den foerste kommunisten han kunne finne paa gata. Dessverre for oss alle, moette han ikkje paa ein einaste kommunist paa gata. I staden dansa han rundt og alle lo og koste seg paa bekostning av den morosame meksikanaren. Showet var over like fort som det var i gang, men etter aa ha sett alle dei moerke loyndomane bak live-audience plakaten, var det verdt det! I tillegg var det morosamt ogsaa:)

Ogsaa Universal Studios fekk gleda av aa notere vaare namn i avtaleboka. Ein heil dag hadde me satt til side for banebrytande underholdning og goyal moro i Universal City. Studioturen tok oss mellom anna gjennom nabolaget i Wisteria Lane (Frustrerte Fruer), setta til Klodenes Kamp King Kong og Haisommer, samt vising av special effects fraa Fast & the Furious og nokre andre godsaker. Hoegdepunktet var utvilsomt the Simpson Ride! Og ikkje minst, Quik-E-Mart som haldt til likevel. Duff Beer leskedrikk vart saaklart kjoept inn, men i ettertid var det kanskje den enorme Lard Lad-doughnuten paa storleik med eit menneskleg hovud som skulle staatt paa handlelappen etter Quik-E-Mart besoeket.

Venice Beach og broadwalken var siste stopp paa vaar runde i Los Angeles. Me fann fort ut at det var dette som maatte vaere settet til Pacific Blue, og jakten var atter ein gong i gang. Men skuffa maatte me nok ein gong innsjaa at det naermaste me kom naken hud, var eine rumpeballen me kunne sjaa konturane av gjennom den holete buksa til ein av dei utallige hippiesjelane som vrimla rundt oss mellom skilta som reklamerte mariuana, daarlig gjennomfort malarteknikk eller skrap som skulle foerestilla kunst. Me spaserte opp og ned gata og Even investerte til slutt i nok eit par solbriller - det sjuende paret paa turen. Flott altsaa! Tilbake paa hostellet hadde nok ein romkamerat dukka opp, ein tyskar som kalla seg Ben. Han kom me i snakka med og det viste seg at han skulle til San Francisco. Me var i ferd med aa bestille to stk dyre nattbussbillettar nordover, saa naar han kom med det kjekke spoersmaalet: vil de sitta paa? var det to gutar som hjartleg ropa i kor!

I byen kor alt er skeivt; gater, murar og folk, fann me oss fort tilrette paa Hostel Amsterdam. Ogsaa her var det kjoelig som eit kyrkjeloft og i foelge ei eldre dame me kom i snakk med paa bussen, var det foerst i oktober varmen smaug seg inn under Golde Gate brua og t-skjorte og shorts var hoevelege klesplagg i bykjernen. Nok ein ting som var skeivt med San Francisco, tenkte eg, akkurat i det ein herremann med veske og boblevest sette seg paa nabosetet og paaminna meg om den mest utprega skeive faktoren i San Francisco.

Etter aa sprengt det allereie holete reisebudsjettet paa shopping og champagne i LA, var det ikkje mange kronene dei overtalige suvenirsjappene i soesterbyen fekk huka til seg fraa to alt anna enn rause karar. Me fann ut at kvalitet fekk gaa framfor kvanitet denne gongen, og kasta blikket mot havna. Eit besoek i amerikas mest europeiske by (ifoelge tyskar-Ben) utan aa ta turen til Alcatraz er som aa reise til Oslo utan aa bli tilbudt narkotika. Eit ikke-tema med andre ord. Billettar vart kjoept inn og den behageleg baatturen over havnebassenget vart nytta til fotografering av Golden Gate-brua i taake. Eit fyrtaarn i taktfast blenking og ei ruvande fengselsblokk var synet som ynskte nok ein saueflokk turistar velkomne til The Rock - ei oy fengsla av si historie. Aatte mann blei drept av felles innsatte og fem andre tok sjoelvmord i loepet av dei 29 aara USAs mest berykta fengsel var operativt. Eit dusin antall innsatte proevde aa flykte. Samtlege vart anten sett tilbake paa cella eller funnen livlause i ei av San Francisco Bays utallige fjoerer - unnteke to fangar. Dei vart aldri funnen, og staar igjen i dag som dei to einaste personane som kan ha unnsluppe den psykiske paakjenninga det var aa vera innsatt paa Alcatraz.
Ein sjoelvguida tur med ein god gammaldags Discman paa oyra, vandra me tankefullt gjennom dei lange koridorane i blokkene A-C. Me fekk eit innblikk i korleis det var aa vere innestengt bak fleirfoldige murar, aatskilt fraa omverda paa ei lita oy, berre nokre steinkast fraa ein boblande smaametropol av ein by. Saa naere var livet der ute, men akk saa fjernt. Tilbake paa fastlandet kunne me enno hoyra den utroestelege hulkinga fraa dei tapte sjelene der ute paa den store steinen.

Dagane i San Francisco nytta me til aa gaa opp og ned og opp og ned, og gjerne ogsaa ein gong til; opp og ned. Byen er rett og slett bygd som ei maurtue, der tunnellar borar seg vei gjennom dei asfalterte haugane som utgjer boligomraade og parkeringsplassar for dei mange arbeidsame maurane. Haandbrekk og murstein bak kvart hjul hadde kanskje sitt opphav her i denne annleise, men ogsaa utruleg flotte byen. Me fekk ogsaa eit blikk av verdens mest keikete vei, Lombard Street. Etter aa ha teke turen ned til Fisherman's Warf og vurdert aa stille oss opp i den to timar lange koen ein maatte gjennom for aa ta den mykje kjende trikken i San Franciscos gater, fann me ut at det var paa tide aa pakke kofferten aa fly nokre tidssoner mot aust. I rette backpackeraand saag me vaart snitt til aa spare nokre hardt opptjente kroner daa me bestemte oss for aa tilbringe siste natta i California paa San Francisco Airport. Godt tulla inn i soveposen og med eitt auga ope kom me oss tilslutt gjennom natta med 3-4 timar soevn paa puta. No var det tid for eit gjensyn med gamleskulen Saint Paul High School i Missouri - kor faa, om ingen, venta vaar vitjing.

Troytte og sletne ankom me Kansas City International ein regntung mondags ettermiddag. Etter aa ha pressa oss ut doera moette me ei trippande Grace ved utgangen. Etter ein nostalgisk koyretur ned I-70 freeway ankom me huset na Grace og gamle Pastor Dahlke ynskte oss velkomen attende til Concordia. Dagane nytte me til aa treffa att gamle kjente, gamle laerarar, gamle fotballbanar, gamle dormrom, gamle mr. B og tidlegare faste fast food-restaurantar. Dei seks dagane me hadde der gjekk altfor fort, men paa den tida fekk me tid til aa visa at Noreg fortsatt er best i bowling, at tacoen paa K-bar faktisk er betre enn god, og at ein faktisk maa snu stoevelen naar ein drikk Bud Light av "Das Boot". Me fekk til og med vaere med paa ei heil high school graduation, ein langtekkeleg seremoni me heldigvis delvis unnslapp for to aar sidan. Denne gong fekk me ogsaa vere med paa eit graduation party, ein 5 timar lang sittande seanse som innebar smaasnacks og smaaprat. Med lovnader om eit kjapt gjensyn og eit takk for denne gong, sa me farvel til Grace, Jordan og T-Matt som hadde fulgt oss i bilen til Kansas City. 2. aaret paa gymnaset i Oystese, stasjonert i den trangsynte vesle jordbruksbyen Concordia, Missouri, er enno eit av dei beste aara i vaare liv. Hail to Thee!

Med svartlappane over augo og oyreproppane trykt inn i skallen kryssa me fingrane for at flyturen Kansas City-Denver-San Francisco-Houston-Montego Bay (Jamaica) i det minste ville foere med seg eit kvarter eller halvtimen med soevn. Med tanke paa at kvar flytur hadde ein varighet paa mellom 2 og 3 timar frykta me det ville bli ei lang natt. Uansett, dei to siste destinasjonane paa vaart 191 dagars eventyr staar for tur, og me kan no skimta skiltet med Norheimsund der like over Atlanteren. Med forhaapningar om fire veker i solfylt paradis visste me paa langt naer kva som venta.

Skrevet av evenvetle 16:30 Arkivert i USA

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Trur nok eit stort fleirtal av klassen vår e skit missunnelige på dere sio de har vå på besøk i Concordia. Eg e i alle fall da. Og eg e heilt enig, skuleåret 07/08 e da lite eller ingenting som kjem opp i mot. Go Saints!

fra Hege

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint