Reiseblogg fra Travellerspoint

Cookies og Coconut paa Cook Islands

Der er mange oyar i verda, MEN

all seasons in one day 30 °C

Saa har du Cook Islands. Ei oygruppe midt i Stillehavet paa samme breddegrad som Sao Paulo i Brasil. Landet Cook Is har tette band med New Zealand som igjen er kobla med Storbritannia. Pengane som vert bruka er New Zealand Dollar, men Cook Is har ogsaa faatt lov til aa produsera eit antall i Cook Island utgaave. Der ein heidensk gud har tatt plassen til den britiske Dronning Elisabeth II. Guden heiter Tangaroa og vert kjenneteikna av eit saftigt stort lem. Som ein afrikansk sebra kan ein vel seie. Men nok om det. Even og Vetle tok altsaa inn hovedoya Rarotonga med storm, eller var det alt storm?? Eit haerleg gjensyn med vanvittig luftfuktigheit og temperatuar aa sveitta av.

Maorikvinna med det fengande navnet Kitty plukka oss opp og tok oss med til eit forlatt gjestehus oppi lia. Rommet var ope og senga var 120. Eimen av mugg slo i mot oss i det me entra rommet paa knappe 4 kvadrat. Slete! Det var faa om nokon bebuarar paa denne staden, Rarotonga Backpackers Hill Side. Vetle gav gjerne opp Queensize senga for ei eiga seng paa dorm. Etter ei mindre behageleg fyrste natt gjekk me kjapt ned til R B Beach Side. Beach Side vart starta opp omlag 2008 og hadde no tatt heilt over for Hill Siude. Her traff me den (litt for) hjelpsomme mannen Peter. Peter verka aa lika to nye gutar for aa seie det slik. Han hadde diverre ingen dormsenger i den gjeldane tidsperioden men kunne tilby eit digert rom med bad og dusj, pluss ei dobbeltseng og ei enkelseng. Herlegheita kosta 65 dollars US. Sidan me var paa lavbusjett vart me ikkje vidare imponerte over dette og takka for oss. Daa vart det ein anna laat i pipa: "NEI vent" ropa Peter med desperasjon i roysta. "Eg kan gaa med paa 50 US per dag." Saa vart det til at me tok imot tebodet hans Peter. Det var klart for paradis!

Tidleg traff me paa han Carl fraa Tyskland. Denne typen var lade back og sa ikkje nei takk til ein joint eller to fekk me inntrykk av. Han prata mykje, og me lytta. Han visa oss den beste snorkleplassen paa heile Rarotonga andre dagen. Her blei fleire dagar tilbrakt med nasen ned og nakken lett tilgjengeleg for dei ekstra sterke solstraalane. Under overflata var det eit liv me aldri har sitt maken til. Det formeleg krydde av fisk, tusenvis, kanskje millionar! Grunnen var at revet kun laag 200 meter ut i vatnet og strakte seg heilt inn til stranda. Her heldt smaafiskane og barna til. Parrotfish, wrasse, butterfly fish, i mangfoldige utgaaver, trompetfisk, moorish idol, picasso triggerfish, boxfish, pufferfish og mange mange fleir eg ikkje kjenner navnet paa. Felles for dei alle var dei kraftige fargane.

Paa Cook Island har dei mykje frukt og frukta er av den eksotiske sorten. Me leigde oss troemopedar (les: sykkel) ein dag for aa koma naerme naturen. Det er to vegar paa Rarotonga, ein hovedveg som gaar rundt heile oya, og ein back road som ogsaa gaar rundt heile oya, dog held denne daarlegare standard. Eit knippe av det me fekk plukka sjoelve var banan, stjernefrukt, sour mango (som maoriane kalla det), sur appelsin (som ikkje var moden og dermed ekstra sur), avocado. Men ingen av desse kunne slaa det aa plukka ei fersk coconut rett fraa palmen paa ei aude strand, bryta den open og drikka den deilige melka. Daa kjende me oss som i ein cast away film. Ein annan frukt som var ny for oss var bread fruit. Det er ein diger, rund, groen sak, litt stoerre enn ein handball. Denne smakar groess og gru rett fraa treet, men om ein steikjer den lenge nok paa svak varme og drysser paa alt av krypper ein kan finna og skviser over ei sitron, vert det steikje godt! Dette trikset laerde me av vaar tyske ven Carl. Ferdig steikt er det som potet, berre betre. Me nytta denne frukten ofte i kosten vaar. Me laga nemleg mykje middag sjoelve.

Sidan me planlagte turen vaar iherdig og lenge la me opphaldet paa Cook Islands til regntida. Difor var det ein del regn. Regnet gav oss tid til aa lese boeker, noko me har godt av. Vetle bytta ut ei lita lefse med den digre boka The Girl With The Dragon Tatto (omsatt til norsk: Menn som hater kvinner). Lite visste me at dette var fyrste boka, men den gjorde godt inntrykk og var 4 gonger betre enn filmen. Herved anbefalt! Ein kveld gjekk me saa langt at me droppa boekene til fordel for vassekte maori underhaldning. Kvinnene paa Cook Islands vert tatt med i dansen fra tidleg alder og har ord paa seg for aa vera dei beste romperistarane i verda!! Dette skulle bli ein kveld med minner! Utpaa kvelden hadde den lokale kosten glidd ned og dansen intensivert seg. Uskuldige satt me der, Even og Vetle, og ante fred og ingen fare. Men ut or ingenting kom ei mjuk kvinnehand og tok tak i skuldera til Even og drog han med ut paa scenen. Pjuu Vetle pusta letta ut. Vetle har nemleg blitt dratt med opp paa samtlige meir eller mindre flaue show me har vore innom paa turen. Tradisjonen tru vart ikkje dette eit unntak. Cook Islands Dancer of the Year i ei aarrekkje kjende igjen ein dansefot naar ho fekk auge paa ein. Vetle vart med utan mykje mas. Ifoert hatt og slippers entra gjengen dansegolvet og trommerytmane byrja trugande. Vrikking paa stumpen, kryssing av knedna og diverse dansesteg blei unnagjort i eit forrykande tempo. Nordmennene gjorde eit saftig inntrykk paa publiken. Ein ting som la seg paa minne var korleis kvinnene lukta mann. Rest my case.

Dagen etter var sola igjen tilbake og turen bar ut i hengekoya ved stranda. Ei coconut i handa og bok i den andre, blir livet betre? Me tvilar! Sidan Cook Islands ligg midt i Stillehavet er det mykje eksotisk under havoverflata. Me valgte difor ut dykking som ein god aktivitet. Sidan me budde hjaa han Peter, fekk me 30 dollar i avslag per hovud. Dette nytta me igjen til aa leige digitalcamera med dykkehus. Me vart henta tidleg om morgonen og det bar av stad til senteret. Der traff me paa divemasteren og skipparen. Divemasteren var ein lokal type i 20-aara. Han var ivrig paa aa vise oss kva Cook Is hadde aa by paa. Baade Mantaray, Stingray, Triggerfish og Hai vart sett no og daa. I tillegg kom ein over skjelpadder ein sjeldan gong, men no var ikkje den beste tida. Med paa dykket var eit ektepar fraa Kansas i Usa, nabostaten til Missouri der me gjekk paa skule. Dei hadde eige kamera.

Fyrste dykket var ikkje langt ut i havet, og spente droppa me ut fraa baaten. Mannen fraa Kansas var ein elendig dykkar og brukte aar og dag paa aa koma seg ned til botnen. 20 bar av lufta gjekk med til aa vente. Visabilityen var straalande: 15-25 meter! Endeleg fekk me kome i gang og ikkje lenge etter kom me over vaar fyrste store fangst: Ein vassekte HAI av typer White Tip Reef Shark. Den laag og sov fredleg paa sanden mindre enn 15 meter i fraa oss. Vanvittig!! Mindre enn 5 min seinare stoppa divemasteren paa nytt opp og peika paa noko stort som laag og flaut i vatnet. Ein stor Lion fish. Majestetisk laag den heilt i ro og sveva "i lause lufta". Det beste dykket so langt konstaterte me etterpaa! Etter ein god pause paa land med kakao og cookies for me til neste divesite: Coral Gardens. Dette var eit av dei beste fekk me opplyst. Eit HEILT VANNVITTIG skode tok oss paa senga naar me kom ned. Vatnet var saa klart som krystall, corallar i alle former og fargar overalt. Eit heilt landskap dekka. Ingen av oss hadde nokon gong sett liknande. Me kunne sjaa over 35 meter og fisk paa alle kantar. Paa denne divesiten fekk me ogsaa besoek av ein gammal kjenning paa Rarotonga, nemleg den bla Triggerfishen Tommy. Tommy har blitt mata av dykkera i over 30 aar og ingen veit kor gamal han er. Triggerfish er vanlegvis mellom 20 og 40 cm lange. Tommy bukka over 50 i lengde. Tommy er ikkje aggressiv som mange andre triggerfish kan vere. Divemasteren opna ein kraakebolle-aktig sak og Tommy heiv innpaa. Me kunne til og med klappa han som om han var ein hund. Det var litt av ei oppleving. Fiskeskjella var ikkje slimete som dei ofte er naar ein fiskar, men ru og harde. Me sumde rundt under vassflata i gode 40 min og Tommy fulgte med oss heile vegen. Daa dykke gjekk mot slutten fann Tommy ei ny gruppe dykkara aa fylje etter. Me konstaterte alle at dette var det beste dykket til no.

Cook Islands er kjende for sine unike Black Pearls. Desse finn ein kun paa Cook Islands og ei oy i French Polynesia. Dei er svaert eksklusive og me sjekka sjoelvsagt marknaden. Den stoerste me fann var kulerund og stor som ei klinkekule. Prisen var og stor. Godt det er gratis aa studere dei. Naar ein saag inn i dei ulike perlene fekk ein heilt unike bilete tilbake. Nokre skar i groent, andre i blaat, og somme i raud-rosa m.m. Dei fannst i alle mogelege former og storleikar. Etter perleskoding var det paa tide med oppkoyring. Even og Vetle traska lett ned til Polynesian Bike. Her skulle me faa oss sertifikat paa motorsykkel. Vetle hadde norsk foerarkort saa han slapp oppkoyring, men Even var det verre med. Han maatte gjennom ei grusom loype medan dei naadelause oygene til maori-kona stakk han i ryggen der han lett koyrde dei 10 metrane, runda eit tre og kom tilbake, sjoelvsagt utan hjelm. Saa betalte me for leige og Even fekk sertifikatet sitt. Vetle derimot fekk ikkje det midlertidige loyve. Men det gjekk no bra likevel, ingen politi stoppa oss. Me sette kursen for den kjende fossen Wigmore's Waterfall. Denne fossen er lokalisert i enden av trans-Rarotonga-stien. Den er 15 m hoeg og ligg godt inni skogen. under er det ein deilig liten kulp der ein kan bada i det friske vatnet. Myggen summa som besatt og sugde det den kom over. Me treiv vaare eigendelar og reiste heim.

Tida i paradis var over og det store Amerika venta i det fjerne.

Skrevet av evenvetle 10:25 Arkivert i Cookøyane

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Vær den første som kommenterer.

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint