Reiseblogg fra Travellerspoint

Ny Sæland

Brrrrrrr..!

all seasons in one day 6 °C

Austan for Minsk og sydleg frå Bali ligg to øyar å skvulpar i vatnkanten. Lenger vekk frå fedrelandet har ingen mann vore i nyare tidsrekning. Etter ei fæla flyreise, lenger enn Bergen - Oslo, landa me i the promised land. Staute steig me ut or fykemaskina og støyrde stauren stødt ned i sanda på stranda så bakkjen skolv. Medan flagget blafra fritt i vinden fekk me tid til å studera dette nye jordstykkje litt meir i detalj og fann snart ut at det minna mykje på ein stad heime i kvam. "Eg døyper landet Ny Sæland" sa Even med rungande røyst.

Christchurch kalla dei staden me fyrst soeka hus i. Det var eit koseleg hus med ein katt og eige rom. Dagen etter var ein svaert spesiell dag. Den var den 11. april 2010 og Even N. Johansen var 20 vintrar gamal. No maatte det feirast!! Me stelde til eit faela opplegg, baade pizza og pils var invitert (paa restaurant!!!). Etter ein lang samtale med familie og kjente var me endeleg klare til aa bestilla. Vetle, som ikkje hadde faatt pilsen sin, fekk ein gratis. Avslag i pris fekk me ogsaa sidan servitoeren var ein homofil afroamerican fra California. Han lika oss (litt for) godt. Ikkje noko for staute vikingar.

Etter aa ha opphalde oss i omraade eit par dagar heiv me oss lett med paa ei overprisa bussreise til verdas adrenalin hovudstad; Queenstown. Der bydde dei paa kaldegrader og for ein gongs skuld litt regn og taake ogsaa. Me byrja momentant aa sakne heimen aokan. Fjell, fjordar og isblaa innsjoar i haerleg harmoni, som ein postkort fotografi av Kvam. Sidan likviditeten hadde blitt igjen i andre land var det ei vanskeleg tid, og me klara ikkje aa sjaa paa alle dei fantastisk artige aktivitetane me gjekk glipp av saerleg lenge. Difor sette me kjapt nasen mot den mektige fjellheimen i Fjordlands. Det var no Vetle V. Seljestad som fylde 20, og denne store dagen vart feira saman med moder natur. Tidleg om morgonen sette me kursen mot fjella. Me hadde vortne lova snjo og sterke vindar. Overnattingar og 60 km gange var difor utav bilete. Vikingar er sterke saa me trong ikkje riktig utstyr fann me ut. Nike Shox skoty, bomullsbukse og bomullstroye. Meir enn godt nok. Fyrste hytte var 16 000 lengemeter og 850 hoegdemeter fraa buplassen vaar. Turen opp var rekna til 7 timar, saa me fekk ta nokre steg oppi lia og setja nasen heimover naar klokka byrja gaa i fraa oss. Med godt mot og god niste traska me raske og sjoelvsikre mot fjella. Saag hoegt og laagt etter kiwiar, men ingen var aa finne. Etter gode 3 timar kom me alt opp til tregrensa. Paa eit skilt stod det 45 min att til hytta. Daeven doette, daa vert det hyttetur likevel. Snjoen maatte me sjaa langt etter men kald, sur vind, piskande regn og lufttemperatur paa 6 grader C var friskt jamvel.
Enkelte sjeler hadde kome seg opp foer aoko og freista aa faa litt varme i hytta. Det trongst for frostroyken stod ut or aoko for kvart utpust. Ned att tok det 4 timar og det vart godt myrkt foer me nadde botnen. 1 time gjekk me i tussmyrkret. Ganskje utriveligt kan ein seia om det. Sidan me ikkje hadde noko anna form for ljoskjelde enn mobiltelefonar, var det ikkje lett aa finna stien alltid. Men me kom til slutt heim. Der traff me ein tyskar og ei fransk jente. Dei viste villig kor glad dei var i kvarandre, saa me gav dei litt (for mykje) privatliv og gjekk ned. Svette typar, men senga var god skjona me. Saa for me til drotningbygda att og traff to finske jenter paa same rommet som sist. Koslege folk.

Utan varsling ramla det inn ei melding fraa to kjeningar. Trude og Lina befann seg no i Christchurch og me fann ut det var oekonomisk forsvarleg aa dele transport utgifter i lag i form av leigebil. Rett paa overprisa buss att og avgarde me for. Eit hjarteleg gjensyn vart det. Eit kosteleg maaltid vart skrudd saman. Planen no var aa oppleva Middle Earth fraa filmane Lord of the Rings.
Fyrste stopp: Mount DOOM! CIMG5280.jpg

Eit mektig skode med kraftig roykutvikling oppi fjellsida.
Seinare paa dagen reiste me til Matamata, eller hobbitun som det ogsaa kallast.
CIMG5476.jpg
Eit deilig moete med dei kjente figurane. Guiden var ein vassekte hobbit. Liten, rund og med hobbitansikt. Ikkje gjekk han med skoty heller.
CIMG5397.jpg
I Middgard har dei mykje varme kjelder og geisirar. Te Puia er omraade med hoegast konsentrasjon og me tok sjoelvsagt turen. Heile bygda luktar av svovel og anna gass fraa jordas indre. STILIG!! Store symjebasseng varma opp av kjernen er ikkje det same som skulebassenget paa den no nedlagde skulen i Norheimsund. Mektige krefter som maa opplevast for aa skjoena.
Boblande gjoerme finn ein og rundt omCIMG5376.jpg

Me spela poker her og sjoelvsagt og Vetle drog inn enorme summar med hender som dette: CIMG5495.jpg Straight flush!!

New Zealand er det naeraste me har vore norsk natur til no, og det er saa langt vekke ein kan koma.
CIMG5208.jpg
Tida i Middgard byrja ebba ut og neste destinasjon paa ferda glimta med strender, azur blaatt hav og coconuts i de fjerne. Siste kvelden tok gjengen farvel med deilig middag paa flott restaurant. Sjoelvsagt var det dresscode, men sletne slippers er ikkje stress naar ein er norsk statsborgar ;) Laettis!

Skrevet av evenvetle 19:26 Arkivert i New Zealand

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

A sort of homecoming, med andre ord... Såg du eposten min og videoen på veggen din?

fra Lars Ove

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint