Reiseblogg fra Travellerspoint

R O A D T R I P

Ei reise utanom det vanlege

sunny 18 °C

Saa bar det ut paa den australske highwayen...paa FEIL side av vegen!!
CIMG4772.jpg
Ein noko intens Vetle bak spakane ropte og skreik til stakkars kartlesar Even som fekk nok aa setja fingrane i paa veg ut or Melbourne by med 4 mill innbyggjarar (Kjelde: wikipedia). Etter ein noko sein start (1703 lokal tid) var det ikkje store distansen dei to trubadurane fekk unnagjort dag 1. Kom paa ein rest area like foer solnedgang, denne skulle seinare vise seg aa vera den beste dei kom over i laupet av den 9 dagar lange turen. Fram med pylsene, ketsjchup og anna snacks. Overvelmande nydeleg solnedgang paa eine sida og ein fullmaane saa rund og stor 180 grader hin vegen. Ein kunne kome over i det romantiske hjoernet av mindre. Saa var det klart for kveldens fyrste av i alt 7 kveldar med poker. Ein sjoelvsikker Vetle gjekk hardt ut fraa dag 1, men ville han klare aa halde presset oppe heile strekkja ut?!
Etter at gjespa kom med stadig kortare mellomrom verka dei tre tynne madrassene kraftig attraktive. Kjapp tannpuss. Australias outback er kjend for dei enorme temperatursvingningane mellom natt og dag. Det er no haust i Australia. Sidan Wicked ikkje hadde vore humane nok til aa supplera oss med hovudpute og pledd vart det ei kald natt for den eine som ikkje hadde medbragt sovepose. Vakna i fosterstilling med stive ledd. Paa med alt av klede, men var det nok? Har nok vore kaldare ein eller to gonger i livet, om det seier noko. Heldigvis var me no mitt i ingenmannsland, saa sovepose kunne me sjaa langt etter. Naermaste sivilisasjon: to dagar borte.
Det blei ein del koking uti gokkCIMG4792.jpgHakuna Matata!
Dag 2 blei full koyredag for aa prova aa ta igjen det tapte. Ikkje lenge etter avreise traff me paa kollisjonar og stengde motorvegar. Dette sette kjeppar i hjula for aoko. Heldigvis fann me verdas minste kjerreveg som foerde oss inn paa ein deilig omveg. Poenget med roadtrip er ikkje aa koma fram snoeggast mogeleg, men aa faa det til aa vare. Og skapa mange minner. Difor var det med kvite smil og klappande hender me vrengde kassabilen av den trygge motorvegen. Mot slutten av dagen fann me ikkje mykje gode rasteplassar, saa me ville vidare fraa den me fann. Tjue meter borti vegen byrja oljelampa aa lyse som nasa til Rudolf reinsdyr. Flaks at me ikkje kjoepte olja sist me fyllte bensin! I smoer er det mykje oljer, det verkar vel. Neida me snudde og kjopte kvalitetsolja til 390 kroner litern. Nok ein behageleg kveld med poker og snittemperatur paa 6.2 grader inne i bilen. JiHAAA!!
Ein riktig tidleg morgon, soloppgang. Endeleg fekk me sjaa kenguruar. Diverre var den blitt smadra av ein semitrailer. Blod, Tarm og anna goerr laag spredd utover som ved eit bombenedslag (Bilete er blitt stoppa i sensuren grunna streng skjermingspolitikk for yngre barn). Heldigvis saag me seinare ein hoppande, tilsynelatande glad Skippy litt seinare. CIMG4813.jpgAustralia er flott!

Det er ikkje berre kenguruar som ferdast langs vegane i OZ. Baade stoore, dinosaurlignande firfisler og doydlege hordar fluger gjer turen baade spanande og utfordrande. Ein siste hindring paa vegen traff oss ein tidleg morgon ved frukostbordet. "Hello boys! Mind if I join you?" Det var den svaert saa ivrige misjonaeren Keith Erik fraa den babtistiske kyrkjelyden. Han ynskte ikkje aa vere til bry sa han, foer ein 30-40 minuttar lang andakt om korleis Even og Vetle kunne bli elska av han Jesus og koma inn i himmelen om me tragisk nok skulle doy i morgon. Moralen er: ALDRI stol paa ein eldre mann i foert straahatt, du veit ikkje kva vondt det vil foere med seg.
Paa ein liten sideveg seint ein kveld kom me fram til ei elv der vaar leir for natta blei. Etter ein klassisk runde poker var det tid for tannpuss. Ute var det svart som i ei kolmine. Lyset fraa inne i bilen lyste Even opp som ein spotlight der han lett stega ut or doningen. Tystnad...Stilla..."Plask...PLASK PLASK!!" Kva i svarte natta var det? Even kjem hoppande inn i bilen snarare enn Michael Schumacher i Melbourne. Ein psykopatisk fiskar gaar langs elvebreidda og leikar med oss foer han har tenkt aa kutta strupen med den nykvesste sloyekniven sin. Slik vert fakta konstatert og doerer laast! "Eg gaar IKKJE ut der igjen" kan Even lett meddela. Vetle kjenner heller ingen trang til det med det fyrste. Litt meir poker og zzZZZz!
Kva lydane i elva var veit ein framleis ikkje!

Det var deilig aa kome attende til kysten og sivilisasjon. Luksurioese tjenester som dusj vart snart lokalisert. Undikkar som kunne slaatt i svima ein okse vart bytt ut med deilig nyvaska ty. Turen gjekk, som i den kjende songen til Rune Rudberg, ut mot havet. Sjekka ut noko koala og flotte feriestrender fylt til randen av campande aussiar med grinande ungar og romantiske par. Ikkje noko for oss staute Nordmenn. Fyrte opp den iltre Mitsubitshi Postkasse 0.7 liter og spann ut paa turistvegen igjen. Kappkoyrde ein del, og vann sjoelvsagt alt ;) Viking power! Etter fleire lange km paa smaa ubrukande vegar skrensa me inn paa highwayen att og sette kursen mot surfebeaches (og surfebitches??) i Byron Bay.
Havet er mektig og ein skal ikkje leika med kreftene CIMG4879.jpg
Litt seint kom me fram til mekkaet og campa like godt ovst oppe paa toppen ved lighthouse. Om det var lov er ein annan ting. Dag to var det rett til sentrum og leige av surfboards! Jippii!! No skulle me visa korleis det skal gjerast. Til vaar store skuff opna ikkje utleiga foer 2t seinare. Saa stakk han Vetle like greit til legen og fekk sjekka den mildt sagt betende fingeren sin. "Severe skin and nail infection!" var god tilbakemelding. Skulle helst kome til lege ei veke tidlegare, men dei kunne nok redde mesteparten av peikefingeren. Godt me har reiseforsikring. (I skrivande stund er det tomt for antibiotika og naglen heng paa halv tolv, saa eit nytt moete med helseeliten maa bookast) Etter omstendeleg taping var det klart for aa erobra havet og byljene! Dei to staute karane kasta seg mandig oppaa bretta og pladla lett ut mot det opne havet! Fyrste bylja kom susande innover mot dei. Bring it on! To sekund seinare ligg to nordmenn, ikkje fullt so staute, aa plaskar som to vaate hundar utan aa vite kva som traff dei. Flaut! Litt meir resignerte og audmjuke tar dei paa bylje nummer to og ting gaar betre. Naar dagen lir paa har ting vorte noko enklare og begge har staatt baade fem og seks byljer. Stabla bretta saa godt det let seg gjera inn i bilen og middag. Ved klebyte ser begge to missbrukte ut i mageregionen. Nipplar oemmare enn ei gravid kvinnes bryst. Kva i alle dagar er dette for noko? (Som alt anna, dersom du lurar paa noko: Google it! Saa dette kallast surfrash og kjem av at ein ligg paa brettet.)

Traff paa nokre kameratar me moette paa Koh Tao i ein tilfeldig nettcafe. Verda er jaggu ikkje store plassen. Kveldens leir vart eit tilfeldig nabolag litt utanfor sentrum. Her slepp me nok at ein eller annan halvtulling slaar inn ruta paa Virginbilen aokan. Det vart ei deilig, men dog sveitt natt. Tempen paa kysten er svaert mykje hoegare enn i outbacken. Pang, Bank, Dunk..SMELL!! Me vakna braatt, lyden av illsinte sigoynerar flerra gjennom lufta. Neida, det var ikkje sigoynerar. Alle veit at dei er ca. 30 cm hoege og bur under bakken. Utanfor doera, kl 0618 om morgongen, stod ein feit politimann og hammra laus paa den stakkars bilen aokan. Kven trur du at du er? spurde me litt sinte. Du vekkjer badnet? Politimannen tok ikkje spoekjen vidare godt og gav oss 30 sekund til aa komma oss saa langt vekk mogeleg, ellers vart det 4975 norske kroner i bot! Dette var nemleg eit nabolag. Vetle slengde seg nonchalant ut av bilen og fyrde i gang beistet. Saa spann me i retning stranda. Her skal det surfast! Snuten kom sjoelvsagt forbi i det me sjonglerte bretta ut av bilen. Men det gjekk greit sidan me var vakne.
Etter nok eit forsoek paa byljene var torsoane vaare saa saare at det ikkje var kjekt lenger. Me sende bretta tilbake der dei kom fraa og satte kursen mot siste stopp i OZ, Brisbane! Ei lite interessant natt paa "billig" backpackers og til flyplassen tidleg om morgonen. Sjekka sjoelvsagt inn paa buisnessclass, og entra flyet. Destinasjon: Christchurch, NZ
(oversatt til norsk: Kristuskyrkje) Dette blir bra!

Skrevet av evenvetle 21:06 Arkivert i Australia

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Du og du.. Det var litt av ein tur... Varm haust i Australia og billig olja, flott!

Kos deko i NZ ;)

fra Den Heilage Andre

Gratulera med dagen Vetle :) Tenk 20 år!! Eg e skrømd... ;) Kos deg vidare og nyt resten av reiso :)

fra Irene

Det er betre å vera varm, og kle av seg, enn å vera kald og ikkje ha noko å ta på seg.
Gamalt jungelordtak........

Håpar det var ei god reise likevel, med mange gode inntrykk og opplevingar!

klemmar på bursdagen
Igjen

fra mammo

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint