Reiseblogg fra Travellerspoint

Kinesisk nyttår og tempeljakt i Kambodsja

...ei dyr perle, dette Kambodsja!

sunny 30 °C

Hei igjen ja!

Beklagar slett oppfølging her på bloggen. Sjukdom og lite tid til overs må ta si del av skulda. Sidan sist gong har me gjort ufattelig mykje: teke dykkerlappen, besøkt Ingun, Marte, Kjetil og Carita på Bali og mykje anna. Tar derfor litt om gongen. Sit i skrivande stund på eit gigantisk hostel i Australia kor me tilfeldigvis møtte på Trude, Lina, Sara og Helena Skåre. Kva er oddsen - samme by og samme hostel i enorme Australia??? Sjukt!
Etter eit besøk på Sydney Aquarium i går og vitjing hos Alf Stewart og Coleen i surf club-kafeen i Summer Bay i dag, har me allereie fått sett ein del i Australia. Diverre ingen innspilling av Home & Away idag, men fekk tatt nokre seriøse og triste alvorlege bilete ved strandpromenaden. Etter å ha vore på båtcruise og prøvd ut Sydneys uteliv i går kveld, tar to trøytte typar ein roleg kveld i dag. Senga ventar om litt, og Bondi Beach og surfekonkurranse ventar spent i morgon.
Tar som sagt litt av gongen, og her kjem ei "kort" oppsummering av veka vår i Kambodsja. På attersyn!

-

Etter runddansen i Vietnam, var det som sagt paa tide aa stempla baade pass og visum og komma seg ut av det hektiske, men vakra landet. Me bussa over grensa med kurs for Pnohm Penh, hovudstaden og byen kor me planla aa tilbringe ei natt eller to. Men etter storbylivet i Saigon, og det enorme maset og trykket av paagaande selgarar og turoperatoerar som moette oss i bussdoera, vart me kjapt einige om at me reiste vidare til Sihanoukville same dagen. Etter at sjukdom hadde byrja bli ein del av kvardagen mot slutten av opphaldet i Vietnam, tenkte me aa utsette vaart planlagte besoek til "killing fields" nord for Pnohm Penh til etter dagar i sol og avslapping i Sihanoukville. Me kom fram seint paa kveld og heiv oss paa dei to foerste modeptaxiane som kunne friste oss med skyss for ein billig penge. Dei fekk 1 dollar kvar og koyrde oss sporenstreks til New Christmas Bungalow & Hotel. "Kva er dette for snaale greier", tenkte me foer me kom paa at her var det jo snart nyttaar aa feire, so daa passa det i grunn godt aa tilbringe nettene paa eit julehotell.
Dagane i Sihanoukville gjekk med til det dagar i Sihanoukville skal gaa med til; bading, soling, eting og nyting av nokre burkar oel i solnedgang. Utan heilt aa vite kva dag det var, baade kom og gjekk kinesisk nyttaar utan dei heilt store festivitetane. Vietnamesarar og andre ferierande valfarte nemleg til dette paradiset for aa feira det dei kalla Tet, men sett bortifraa det enorme forbruket av fesne liksomrakettar (lang pinne som feis ut smell med farge paa) glimta dei lokale festtigrane (ja, i aar er the Year of the Tiger) med sitt fraavaer. Prisane var ogsaa dyre i desse hogtidsdagar, og tilslutt maatte me ut med 25$ natta for eit enkelt dobbeltrom. Skremmande, for to budsjettsprengande ryggsekkturistar. Siste kvelden i Sihanoukville fekk me eit tilbod av ei lokal jente som dreiv ein av dei mange strandbarane paa Serendipity Beach. Ho kunne friste oss med baattur ut til Bamboo Island neste dag, ei idyllisk perle i havgapet me hadde lest om i Lonely Planet. Me takka ja til tilbodet og 14 timar seinare laag me langflate paa ei papirkvit potetmjoelstrand medan frukosten fraa den einaste lokale kafeen jobba seg gjennom systemet. Vart det for varmt, flytta me oss vidare opp i palmeskuggen kor einaste bekymringa var korvidt kokosnoetta over skallen var moden eller ei. Rundt oss laag backpackerar i hengekoyer utanfor dei enkle bungalowane dei hadde leigd for ein liten slump dollar, og ein stad langt der borte kunne ein hoeyra bruset fraa den sprekkfulle Serendipity Beach, ei braakeboette av ein samlingsstad me var saa inderleg glad me fekk ein pause fraa. Godt med ein pause fraa den turiststien av ei reiserute me har valt.

CIMG3314.jpgCIMG3280.jpg

Seinare same dagen gjekk turen vidare nordover i Kambodsja. Me booka buss direkte fraa Sihanoukville til Siem Reap, daa me brukte ein dag ekstra i ferieparadiset, og dykkerkurset paa Koh Tao skulle unnagjerast foer Even reiser til Bali nokre dagar tidlegare enn planlagt. Me droppa difor besoeket til "killing fields", sjoelv om det absolutt var noko me ville faa med oss. Etter aa ha kjoept boka "Killing Fields" i Vietnam og mislykkast i aa lese ho ferdig i loepet av tida i Kambodsja, har me likevel begge faatt eit innblikk i korleis Khmer Rouge og Pol Pot regjerte i det krigsherja landet dei tok kontroll over paa midten av -70talet. "Frukta skal lande der treet er," proklamerte dei, og henviste alle intellektuelle og utdanna landsmenn til landsbygda kor dei skulle jobba og broedfoe seg sjoel og landet. Byen skulle ikkje melka den hardtarbeidande landsbygda lenger. Pengar opphoyrde, den frie vilje nedtrykt og born vart hjernevaska og barnesoldatar fraa tidleg alder. Eit arr i den khmerske historie. Enno eit ope saar for mange.

Uansett ankom me Siem Reap, det storslaatte Khmer-riket sin stolte hovudstad for mange hundre aar sidan. Mellom 800-1400 talet var Angkor hovudstad og religioest sentrum, og paa denne tida vart det reist opp mot hundre store og naerare tusen mindre tempel og religioese bygg i omraadet! Me blei frivillig lurt med paa ein skoyal runde med seightseeing i vaar mann Sarun sin lekre tuktuk. Han tok oss med til to av dei meir avsidenliggande tempelruinane, og nokre faa andre tempel i tillegg. Det foerste tempelet var ikkje eingong eit tempel, men eit religiost fossefall inne i jungelen, kor det var hogd ut bilete og forteljingar i fjellveggane. Ein dryg halvannen km lang vandring i jungelen, kor sveitten festa grepet mellom lianer og turistar. Moro var det lell! Etter aa ha koyrd rundt med Sarun og faatt paaspandert ein sukkerdrikk han kalla "cane-water" og koyrd paa alle insektsvermane sjaafoeren med vernebriller kunne finna paa motorvegen, kom me etterkvart tilbake til hotellet. Her proevde me aa forklare at me ynskte aa utforska Angkor paa eigenhaand med sykkel neste dag, og at me takka for guidinga for denne gong. Det kunne han gaa med paa, men daa maatte me skrive autografen vaar (og ein liten positiv kommentar) i den vesle boka hans. Deretter undra han paa om me var interessert i jenter? Det responderte me negativt paa, og me haapte at me no kunne klappe han paa skulderen og innfinne oss ved eit bord paa den fristande naborestauranten med det klingande namnet "Hawaii Pizza". Men denne herren ville ikkje gje seg og insisterte paa at me maatte vere med han paa ein lokal restaurant. "Cheap cheap" var det visstnok. Litt fortumla, veldig skeptisk, sette me oss inn i tuktuken hans for forhaapentlegvis siste gong, og koyrde til ein veldig lokal restaurant. Her blei me forsoekt skjenkt fulle med oel med isbitar(!), blei diskret presentert for to jenter som tilsynelatande jobba (paa ein eller annan maate) paa restauranten, og mata mykje lokal mat me ikkje hadde faatt sjangsen til hos pizzanaboen, deriblant boeffelkjoet MED skinn og nokre mindre deilige beinfylte kyllingbitar. Det kunne blitt for mykje for mange, men etter aa reist nokre veker i Asia var det som det var - det var Asia. Me vart deretter koyrd heim av ein godt berusa Sarun og betalte han 30$ for tort og svie etter ein dag med tuktukkoyring i Kambodsja.

CIMG3358.jpg

Neste morgon stod me opp klokka 4! Me skulle rekka soloppgongen over Angkor Vat, det mest kjende tempelet i Angkor. Det er ogsaa dette tempelet som er avbilda paa det kambodsjanske flagget. Kvelden foer hadde me faatt beskjed om at me kunne leiga syklar naar me stod opp, det ville vaere folk der. Forskrekka over at det faktisk var folk oppe paa den ukristelege tida, gjekk med til sengs med haap om at alt var i orden. Det var det ikkje. Etter aa ha somla rundt ei stund paa leiting etter folk og fe, fann me etterkvart ein sikkerheitsvakt. Han kunne fortelje at det faktisk laag ein lokal resepsjonist inne i resepsjonen, og han var det berre aa vekka. Etter aa ha reve resepsjonisten ut av sin djupe dvale, heiv me oss endeleg paa syklane. Me hadde gloymt aa ta ut pengar kvelden foer, saa aller foerst var det leiting etter minibank som stod paa dagsorden. Den hoegst lokale ATMen i nabobygget hadde sjoelvsagt stengt, saa me gav oss ut paa vegen mot Angkor i haap om at det var ei pengemaskin paa vegen. Etter aa ha sykla vel og lenge, byrja me etterkvart aa skjoene at me var paa gale vegen. Mangelen paa veglys og asfaltert underlag gjorde at me etterkvart byrja forstå at me var på god veg inn i den bekmørke kambodsjanske audemarka. Me vridde på styret, satte i gong produksjonen av mjølkesyra og sveitta oss gjennom ein smådisig morgontrafikk. Me fann ATM og rakk soloppgongen over Angkor Wat med nød og neppe. Området var overbefolka og turistane flokka seg rundt det mektige tempelet medan sola kjempa seg opp på himmelhvelvinga. Dagen gjekk unna, der me sykla rundt i Ankor Tom og omegn, sugne på eit tempel eller to (eller ti) å vitja.
Me fann eit lite tempel langt inne i ein forlatt skogCIMG3480.jpg
15 timar seinare, etter å ha klatra fjellveggbratte tempeltrepper, kost oss i jungeltempelet kor faktisk deler av "Tomb Raider" og "Indiana Jones" vart spelt inn og småflørta med selgarar av alle slag i alderen 3-6 sette me endeleg kursen mot hotellet. Fascinerande å føra ein samtale med ein 4 årig armbandselgar som kunne målbinda deg samme kva argument du hadde for å ikkje kjøpa 15 armbånd for 1US$. Det vart likevel berre med småpraten, armbånd hadde me nok av. Vetle sang "Bæ, bæ, lille lam" til dei forskrekka storauga småselgarane, før me fekk klem og vinka adjø. Etter ein lang dag i tempelrøveranes fotspor var det to pizzasvoltne nordmenn som kom tilbake til hotellet. Snytte for pizzamåltidet kvelden før, kunne me begge kjenna pizzasvolten pressa på. Etter ein dusj og det som skulle vera ein "kort kvil" på hotellrommet, sovna me likegodt inn. Kl 6 dagen etterpå peip alarmen. Det var tid for å atter ein gong kryssa grensene. Me skulle til Thailand og Koh Tao. Dykkerkurs stod på menyen (me kryssa fingrane for pizza også.)
P2220003.jpg

CIMG3731.jpg

Skrevet av evenvetle 03:06 Arkivert i Kambodsja

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Og no er de i Sydney - og dette me har lese er nesten fjernt.
Eg håpar magen har ro seg og at de er frise og spreke og klare for nye eventyr!
klem

fra mammo

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint