Reiseblogg fra Travellerspoint

Hei & haa i Ha Noi & Hoi An

...i hui og hast!

sunny 31 °C

Etter ei redselsfult lang reise fraa Vang Vieng var det godt aa endelig vere framme i den vietnamesiske hovudstaden, rundt klokka 7 om morgonen. Me tok inn paa eit hostel og fekk oss nokre timar soevn i dormsenga foer det var paa tide aa utforske byen. Etter eit mildt sagt skuffande fingermaaltid av ein frokost, tok me oss nokre rundar i nabolaget for aa kjenne litt paa kjemien med vietnamesarane. Den var det igrunn ikkje mykje aa seie paa, for rundt kvart hjoerna venta anten ei innpakka lokal tulle med munnbind som skulle selge deg frukt, eit vandrande (les: scooterkoyrande) bibliotek som ville selge deg heile utvalget av Lonely Planet boeker eller ein levande vegg av solbriller som sprang mot deg med alt den hadde av Ray Ban, Gucci og Okey(!)-briller. Fraa alle kantar kom mopedtaxiane veltande inn paa fortauet for aa sikre seg nettopp DEG som kunde, og i annankvar butikk bortetter gata var reiseselskap paa reiseselskap som skulle friste deg med billige utflukter til baade nord og soer. Det heile byrja verke stressande paa oss to reisande som akkurat hadde brukt heile 4 dagar gjennom Laos paa ein strekning som tilsvarte 12-14 timar bussing, og det heile toppa seg daa Even blei angripen av eine fruktdama der ho kasta fruktkorgene (ein slik innretning der du kviler ein lang pinne over skuldrene, og har frukt i to korger paa sidene) paa ein forskremd ungfole fraa Noreg. Epler og paerer falt ned i alle kantar, medan den ivrige selgaren hylte og skreik om "Photo photo"! Det er tydeleg at kapitalismen er paa full fart inn i dette nyturistifiserte landet, og sjarmen og roen me var blitt saa vane med i Laos, var som sunken i havet. Ganske sikker paa at denne byen har veldig mykje aa by paa, men sidan me var lite strategisk plassert midt i turisthavet var det vel kanskje for mykje forlangt aa oppleve autentisk vietnamesisk byliv denne gongen. Planen var aa reise aa sjaa den mumifiserte kroppen til Ho Chi Minh (opproersledaren som er for eit nasjonalsymbol aa rekne i Vietnam) i Ho Chi Minh Masoleum, men tida gjekk fort mellom gatene i Old City'en kor me to opphaldt oss i tida i Ha Noi, og me bestemte oss for aa kome oss vekk fraa dette konstante broelet av ein by. I etterkant hadde det kanskje gjort seg aa faatt eit glimt av denne Ho Chi, men naar sant skal seiast var det faktisk hans ynskje aa bli kremetert etter sin doed, saa kanskje han gjer oss ei stjerne i boka vidare paa vaar vei gjennom Vietnam;)
Dagen vidare brukte me til aa bestille bussbillett fraa Ha Noi - Ho Chi Minh City (Saigon) og ein 2-dagars baattur i Halong Bay. Bussbilletten var ein saakalla open tour, det vil seie at du kan hoppa av og paa nedover kysten og vere saa lenge du vil paa kvar stad. Me betalte 45$ og bestemte oss for tre stopp: Hoi An, Nha Trang og til slutt Ho Chi Minh City. Med dei mindre komfortable dagane i buss i Laos, og ikkje minst den skrekkelige bussturen fraa Dien Bien Phu til Ha Noi friskt i minne, stod valget lenge paa tog og sengekomfort nedover den milelange vietnamesiske kystlinja. Slaget maatte avgjerast med stein, saks, papir og dei to kjempene stilte seg opp i ringen. Vetle i det eine hjoerna, som sette fokus paa oekonomi framfor komfort, og Even i det andre, som foelte han hadde hatt saa mykje intimkontakt med ulike busseter dei siste dagane at han ville kjenne seg utro om han proevekoyrde fleire. Dei to tungvektarane heiv seg paa kvarandre, og sidan det stod likt etter endt runddans maatte det heile avgjerast paa poeng. Dommarane var sikre i sin sak; Vetle og bussjaafoeren gjekk av med sigeren medan toget maatte forlate perrongen i taarer.

Neste morgon vart me plukka opp kl 8 og koyrde dei tre timane fraa Ha Noi til Halong City. Dette er portalen til Halong Bay, ei UNESCO-lista verdsarv bestaande av fleire hundre smaa oyer som stikk opp av det emeraldgroene havet. Her hadde me booka ein 2dagar/1 natt-pakke, med overnatting ombord paa ei av dei mange turistskipa. Daa me kom fram fekk me beskjed om at me var blitt oppgradert til deluxe-pakken, som kosta 10-15$ meir enn den standardpakken me hadde kasta oss i veg paa. Me takka og bukka, og foer me visste ordet av det laag me flat ut paa to stk overklassesenger i ein lekker liten lugar, med lunsj og kelner ventande i restauranten i etasjen over. Her produserte dei lunsjrettar paa loepande band, og alt i fraa fjaerkre til blekksprut blei fortaert blant dei 6 kvite turistane paa bordet. Jo, det var 7 vietnamesiske turistar ogsaa, men etter aa ha sett an sine skipsfrender romsterte dei likegodt rundt paa borda slik at dei kvite sat for seg og dei lokale for seg. Tankane flaksa tilbake til moetet med apartheid- og -museumet etter tida i Soer-Afrika, men etter at dei 7 lokale ved nabobordet starta karaoke / allsang under lunsjens sluttparti, var det kanskje for alles beste at bordfordelinga blei som den blei. Eit fransk ektepar og mor og datter fraa Australia var dei to andre para (ja, det er kanskje paa sin plass aa innroemme at me kjende oss oerlitt homofile der me sat paa eit luksuscruise flytande mellom skip hovudsakeleg fyllt med par og pensjonistar) som entra Halong Bay Black Pearl Junk rundt klokka 12 31.januar 2010. Halong Bay er kjend for fantastiske fjell- og steinformasjonar og eit hoegt antall grotter. Me besoekte ei av dei stoerste grottene i omraadet, og sjoelv om grotta var enorm og temperaturen alt anna enn ubehagelig varm, var me aldri redde. For det skulle ikkje staa paa at du kjende deg aaleine inne i den opplyste grotta. Turistmassane gjekk som sild i toenne gjennom dei smale gangane, og om nokon skulle ta bilete paa vegen maatte dei anten skunda seg og ta bilete i fart, eller saa maatte det umulige skje i rekkene bak: framvising av koekultur. Turistormen slyngte seg mellom dei mange fantastiske stalagtitsoylene og blitsing og zooming paagjekk for alt det var verdt. Her skulle fotografjeger Chris ha vore, tenkte me medan me sakte men sikkert kunne skimta lys og kom oss ut paa perrongen. Ei fantastisk skue utover deler av Halong Bay og dei tilhoyrande utallege cruisebaatane. Etterpaa var det padling i kayak innom grotter og rundt oyer. I ein allereie vaat kajak blei det ei rimelig fuktig affaere for baade Vetle og Even, men heldigvis stod bading likevel paa menyen tilbake paa Black Pearl. Her blei det hopping fraa toppdekket og vaart foerste bad i Vietnam var eit faktum. Kvelden gjekk med til middag og hyggeleg lag saman med vaare nye australske venner, og etter at me hadde fortalt dei om reisa vaar til Australia, var me saa godt som invitert til middag hos Wendy og Jenna 200 km nord for Brisbane. Veldig kjekke folk, og flott aa ha nokon som kan laere oss surfing paa ekte Aussie-style!

Neste dag var det toeffing tilbake til Halong City og knipsing og posering framfor dei taakelagte oyene som skjulte seg i horisonten. Eit vakkert skue ein tidleg vintermorgon. Me tok farvel med vaare venner etter lunsj i havnebyen, og reiste tilbake til Ha Noi klare for 16-timars busstur til Hoi An. Her rakk me middag foer me til slutt, ein time etter skjema, blei henta paa hotellet. Det var synet av ein stappfull sovebuss som venta oss, og me maatte ta til takke med dei to bakerste "sengene". Vetle var til og med saa heldig at han hadde full oversikt over kven som kom og gjekk til toalettet, ei oppleving han heilt sikkert skulle sett seg forutan. Konstruert for asiatarar paa 1,5m trengs det neppe seiast at det blei lite soevn og mykje fosterstilling paa denne turen, der me laag aa kjempa for aa pressa beina inn i det vesle rommet framfor deg. Umulig aa beskrive i ord, saa eit bilete skal snarast lastast opp!

Me ankom Hoi An tidleg paa foeremiddagen og sjekka inn paa det foerste og beste hotellet me fann. Kongeseng og satelitt-tv OG minibar hadde me aldri proevd foer, saa daa faar det heller vere at det kosta oss 6$ natta pr person. Hoi An er kjent som skreddarby nummer EIN i Vietnam og huser over 400 skreddarbutikkar fordelt rundt i den vesle byen. Me haldt til i den UNESCO-lista gamlebyen med gangavstand til det meste, og etter ein dusj og ein dupp paa rommet var me klare til aa gaa bananas i skreddarshoppen paa leit etter det perfekte, penere antrekk. I resepsjonen spurte me om det var nokre skreddarar dei kunne anbefale. Dama bak disken drog opp ein feit perm det like gjerne kunne staatt "Black Book" paa, for her var det side opp og side ned med skreddarbutikker ein ikkje maatte setta sin fot i, og til og med skreddarar som klikka vinkel og "oppfoerte seg psykopatisk". Skremmande, men morosam lesing og etter aa ha lest oss fram til ein skreddershopp som bortimot alle dei (tilsynelatande) tidlegare gjestane hadde anbefalt, tok me den korte turen ned til "Peace" og 3-4 hyggelege damer. Dei gav oss kvar vaare kataloger, og etter mykje blafring og undring peikte me paa det me ville ha i bladet, valte stoff (i ypperste kashmir og ull soklart) og var klare for aa bli maalt i hel. Me betalte 5 000 000 dong i depositum, og dagen etterpaa gjekk begge fornogde ut av butikken med nye klaer paa armen. Vetle hadde bestilt ein stk dress, ei skjorte, vest og to slips, medan Even hadde bestilt ein stk dress, vinterfrakk, to skjorter, vest og slips. Glitrande handel, kunne begge konstantere, foer me fekk sendt herlegskapen avgaarde til Noreg. Om alt gaar etter planen skal den mosast ned i postkassa paa Nedre Norheim seinast to veker foer me kjem heim:)

I Hoi An var det tid for soling og bading - strandferie (sett bortfraa den eine dagen paa stranda i Cape Town tidleg i desember) for foerste gong paa turen vaar. Endelig litt farge paa kroppen, tenkte Vetle og Even der dei syklande paa innleigde majestetar tok turen ut mot havet! Ei uendelig lang sandstrand nesten utan eit menneske aa sjaa var eit fryd for augo. Me heiv oss i det herleg kalde vatnet, og nytte dagene paa stranda med ananas og mango og kokosmelk. Med feilaktig innkjoept solkrem faktor 90 (for den sarte, eg-vil-bli-kvit-asiatiske hud) blei det lite innsmoering av den feite kremen, og resultatet kom etterkvart til syne foran spegelen. "Jaja", tenkte me og stoetta oss til det urnorske feriebegrepet, "feil farge er betre enn ingen farge". Kveldane i Hoi An nytta me til aa vandra langs dei utallige barane og restaurantane ved elva som flaut gjennom gamlebyen. Me knipsa ein del bilete, blei tilbudt allsalgs merkelege suvenirar av smaajenter i 5-6 aars alderen og tok oss nokre oel her og der etterkvart som skilt med "happy hour" dukka opp. Ogsaa i Hoi An blei me overfalt av frustrerte fruktselgande fruer, men denne gongen var Vetle den heldige, ja faktisk saa heldig at Even fekk knipsa eit bilete av han og den smilande fruktbaben. Skuffelsen var stor daa ho ikkje fekk betalt for aa ha slengt pinnekorgene i trynet paa Vetle og trykt seg inn paa bilete av han i solnedgang over elva. "Money! Banana? Money! Banana? Money!?"

Hoi An var faktisk ein sopass flott og avslappande by at me tok ein dag ekstra i dette ferieparadiset, og reiste ikkje vidare til Nha Trang foer i gaar kveld. I skrivande stund sit me i Nha Trang, 12 timars kjoertur med buss fraa Hoi An. Dette er turistfelle med stor T og strandliv og party er vel det som staar paa menyen. Her er selgarane av alle slag hakket meir paagaande enn kva som var tilfelle i Hoi An. Eit flott eksempel er scootervennen vaar fraa i dag tidleg daa me gjekk paa leiting etter billig hotel i nabolaget. Intet mindre enn 5 eller 6 gongar stoppa han oss for aa fortelle om flott og billig hotell. Gjekk me forbi det han anbefalte, var han paa pletten igjen for aa redde oss ut av knipa med aa finne nok eit billig krypinn. To til no hoeflige nordmenn maa snart sjaa etter andre maatar aa seie nei paa i Vietnam.

Det var alt for denne gong! Me proever aa holde ein nokonlunde kontinuerlig oppdatering paa bloggen, men det er saa mykje anna som skal gjerast, saa det blir ikkje alltid prioritert. Bilete skal me ogsaa proeve aa faa lagt ut, men etter at minnepennen Even kjopte i Bangkok viste seg aa vere full av virus, er det med ei kritisk mine eg koblar kamera til hverken det eine eller andre. Minnepenn viste seg foroevirg aa vere ein vanskelig sak aa oppspore i Vietnam. Me har no 6 dagar paa aa kome oss ut av Vietnam foer vaart 15-dagars visum opphoyrer, men me satsar paa aa krysse grensa over til Kambodsja i god tid foer 12.februar. Det er i dag 27 dagar foer me skal vere i Singapore og ta flyet til Bali, der me treff paa vaare studerande venner og Even faar eit lengtande moete med Ingun! Tida flyr og pengane minskar, men me er begge einige om at backpackerlivet ikkje er saa vaerst! No er det happy hour og fest! Hasta la vista :)

Skrevet av evenvetle 05:30 Arkivert i Vietnam Tagged backpacking

Send via e-postFacebookStumbleUpon

Innholdsfortegnelse

Kommentarer

Hørest ut som de får oppleva mykje rart på reisa. Eg e så missunnelig!! Fortsett å oppdatera oss heima me kor de e og ka de oppleve ;)

fra Hege

Du og du fø ein tur!
Ekje måte på t opplevelsa... Kosa deko.. Og kom deku ut i tide :P

Fest me vet!

fra Den Heilage Andre

Feiande, fargerikt,flott fortalt! Strålande bloggforteljingar. Visste ikkje at de to gjekk rundt med slike litterære årer i dei unge kroppane dykkar ;D

fra Lars Ove

Denne blogg innlegg er nå stengt for kommentar for de som ikke er medlem av Travellerspoint. Hvis du er medlem kan du logge inn for å reagere.

Enter your Travellerspoint login details below

( Hva er dette? )

Hvis du ikke er Travellerspoint medlem kan du gratis bli medlem.

Bli medlem av Travellerspoint